MENY

Umyndiggjorte foreldre

Førsteamanuensis Sigrun K. Ertesvåg er fast spaltist i Aftenbladet Pluss. Les hennes siste spalte.

Vi må ha ein nasjonal slagplan for fysisk helse, stod det å lese i avisa i påska. Nasjonalt
råd for fysisk helse åtvarar mot eit alarmerande lavt aktivitetsnivå i befolkninga. Berre 20 prosent av befolkninga er fysisk aktive ein halvtime pr. dag, og halvparten av 15-åringar den anbefalte timen om dagen. Sentralt i forslaga til rådet er å innføre ein time fysisk aktivitet i skulen pr. dag. Det er liten tvil om at det utifrå eit helseperspektiv er viktig å auke den fysiske aktiviteten i befolkninga, men bør hovudansvaret vere hjå det offentlege og skulen?

Forslaget kjem i ei lang rekke oppgåver som tidlegare var eit ansvar for foreldre, men som no er eller er foreslått, som offentlege oppgåver. Ofte er desse tenkt utført av lærarar. Stadig er det forslag frå råd, utval og ekspertar om tiltak som må inn i skulen. For å ta nokre dømer må skulen lære elevane sunt kosthald, personleg økonomi, demokrati, nettvett, likestilling og symjing. I tillegg må valdsførebygging, rusførebygging, antidoping, trafikkopplæring og mykje meir inn i skulen. Uansett kva som er problemet, kan det synest at løysinga er at skulen skal handtere det. Er vi i ferd med å ta ansvaret for å oppdra barna frå foreldra? Det synest som samfunnet og ekspertar har så lite tru på foreldre at dei vert kollektivt umyndiggjort. Kan vi finne oss i det?

Alle omrada er viktige, det er liten tvil om det. Tek ein seg tid til å lese læreplanverket, noko eg rår alle å gjere, ser ein raskt at dei fleste av desse områda alt har ein plass i skulen. Skal alle desse områda sterkare inn i skulen, er det spørsmål om dette er mulig utan at det går ut over undervisninga i basisfaga og arbeidet med å skape gode læringsmiljø. Ein debatt om kva ein skal nytte tida til i skulen er viktig. I denne samanheng vil eg derimot fokusere på eit anna aspekt ved alt må inn i skulen debatten: Vil vi overføre ansvaret frå foreldra til skulen og det offentlege, og er det den beste løysinga?

Ta fysisk aktivitet som døme. Sjølv om ein innfører ein time fysisk aktivitet pr. dag i skulen, hjelper det lite på helsa om kosthaldet og mangel på aktivitet i heimen utliknar effekten. Består måltida av pizza, hamburgar, pommes frites, brus og loff med sjokoladepålegg hjelper innsatsen på skulen lite. Vi treng heilt klart å gjere noko. Endrar vi ikkje dei dårlege vanane vi har, vert dette eit alvorleg problem. Skulen skal bidra, men hovudansvaret må ligge i familien. Dette gjeld både for fysisk aktivitet, matvanar, nettvett og at barna kan symje.

Problemet med debatten om alt skulen bør ta seg av, er at ein flyttar ansvaret frå foreldra over på skulen som oppdragar. Skulen og det offentlege skal hjelpe til og støtte opp, men ansvaret ligg, og bør ligge, hos foreldra. Strekk ikkje foreldre, til får vi finne særlege ordningar for dei det gjeld. Å kollektivt umyndiggjere foreldre i iver etter å løyse alle problem, fører neppe fram. Det er ingen enkle svar på korleis vi kan auke aktivitetsnivået i befolkninga, men skulen er neppe svaret.

Avisa melde òg at annan kvar tiåring ikkje kan symje. Foreldre flest kan nok, om dei vil, syte for at borna lærer å symje. For dei som ikkje kan, er gratis symjekurs på fritida slik Sandnes Svømmeklubb tilbyr, eit langt betre tiltak enn at skulen skal ta over ansvaret.
 

UiS logo