MENY

Professor i barnehagepedagogikk og tidleg utvikling

Læringsmiljøsenteret har ledig stilling som professor i barnehagepedagogikk og tidleg utvikling. Fagområde for stillinga er forskings- og utviklingsarbeid retta mot læringsmiljø i barnehage og småskuletrinna i skulen. Søknadsfrist: 22. oktober 2017

Den som vert tilsett skal vere med på å drive fagleg utvikling og forsking som er praksis- og politikkrelevant for barnehagesektoren, samt undervise og rettleie studentar på bakgrunn av ny forsking. Primærområdet er læringsmiljø i barnehagen. Læringsmiljøet i barnehagen består av dei kulturelle, relasjonelle og fysiske forholda i barnehagen, som har innverknad på barns utvikling, leik og læring, helse og trivsel.

Stillinga er ledig snarast.

Les heile stillingsannonsa.