MENY

Professor i pedagogisk sosiologi/sosialpsykologi eller tilsvarande

Læringsmiljøsenteret søker etter professor i pedagogisk sosiologi/sosialpsykologi eller tilsvarande. Fagområdet for stillinga er skulepedagogikk og skuleutvikling på alle nivå i skulen. Søknadsfrist: 22. oktober 2017.

Den som vert tilsett skal vere med på å drive fagleg utvikling og forsking, som er praksis- og politikkrelevant for skulesektoren, samt undervise og rettleie studentar på bakgrunn av ny forsking. Primærområdet er læringsmiljø i skulen. Læringsmiljøsenteret nyttar følgande definisjon: Elevane sitt læringsmiljø i skulen består av dei samla kulturelle, relasjonelle og fysiske forholda på skulen som har betydning for elevane si læring, helse og trivsel.

Stillinga er ledig snarast. 

Les heile stillingsannonsa.