MENY

ECIU-samarbeid om masteremne

Denne veka starta dei første studentane på eit nettbaserte masteremne om mobbing. Studiet er eit resultat av UiS’ samarbeid med ECIU-kollega Dublin City University.

Hildegunn Fandrem, Mona O’Moore, Erling Roland, Unni Vere Midthassel, Ida Risanger Sjursø og James O'Higgins Norman. Læringsmiljøsenteret ved Universitetet i Stavanger samarbeider med ABC-senteret ved Dublin City University blant anna om eit masteremne om mobbing. Frå venstre Hildegunn Fandrem (UiS), Mona O’Moore (DCU), Erling Roland (UiS), Unni Vere Midthassel (UiS), Ida Risanger Sjursø (UiS) og James O'Higgins Norman (DCU).

Sidan 2012 har Universitetet i Stavanger vore medlem av European Consortium of Innovative Universities (ECIU), som er eit nettverk med innovative universitet

Lærer av kvarandre
Universiteta i ECIU-nettverket samarbeider mellom anna om nettbasert utdanning, felles masterprogram og andre utvekslingsmoglegheiter for studentar og tilsette. Både UiS og DCU er medlem, og begge universiteta har fagmiljø som arbeidar med mobbing.

I fjor starta Læringsmiljøsenteret ved UiS og Anti Bullying Centre (ABC-senteret) ved Dublin City University eit samarbeid for å utvikle eit felles masteremne.


Denne veka starta masteremnet «Prevention and intervention of bullying in learning environments». Studentar frå Stavanger og Dublin skal følgje dei same førelesningane på nett, og diskusjonsgrupper gir rom for erfaringsutveksling på tvers av landegrenser.

- Her får studentane nye og andre perspektiv, i tillegg til det fagmiljøet dei vanlegvis går i representerer. Det kan føre til spennande diskusjonar og gi ei breiare forståing av temaet, seier professor Hildegunn Fandrem, som er emneansvarlig på norsk side.

Studiet er lagt opp med elleve leksjonar. Studentar som tar emnet kan få det godkjent i masterutdanninga si i Utdanningsvitskap profil spesialpedagogikk.

Forskingssamarbeid
I tillegg til samarbeid om masterstudiet har dei to sentra òg eit forskingssamarbeid. Forskingsprosjektet Stigma ser nærare på ulike mobbeformer og avdekkjer prosessar i mobbesaker, og ei sentral målseting er å utvikle meir kunnskap om korleis skular og skuleeigarar betre kan avdekkje og løyse mobbesaker.

I prosjektet er det så langt samla inn data, frå blant andre elevar som har blitt utsette for mobbing, både i Irland og Norge.

 

Les meir:

UiS logo