MENY

Fullt hus på konferanse om kompetanseløft i barnehagen

Rundt 170 tidlegare deltakarar i Være sammen var samla på konferanse for å høyre meir om sjølvregulering, SIP-modell og utfordrande åtferd, gode relasjonar og nettverksjobbing.

  • /Læringsmiljøsenteret/Bilder/Prosjekt og program/VS-konferanse1.jpg (rw_largeArt_1201).jpg
  • /Læringsmiljøsenteret/Bilder/Prosjekt og program/VS-konferanse1.jpg (rw_largeArt_1201).jpg
  • /Læringsmiljøsenteret/Bilder/Prosjekt og program/VS-konferanse4.jpg (rw_largeArt_1201).jpg
  • /Læringsmiljøsenteret/Bilder/Prosjekt og program/VS-konferanse5(1).jpg (rw_largeArt_1201).jpg
  • /Læringsmiljøsenteret/Bilder/Prosjekt og program/VS-konferanse6.jpg (rw_largeArt_1201).jpg
  • /Læringsmiljøsenteret/Bilder/Prosjekt og program/VS-konferanse7.jpg (rw_largeArt_1201).jpg
  • /Læringsmiljøsenteret/Bilder/Prosjekt og program/VS-konferanse9.jpg (rw_largeArt_1201).jpg
  • /Læringsmiljøsenteret/Bilder/Prosjekt og program/VS-konferanse10.jpg (rw_largeArt_1201).jpg
  • /Læringsmiljøsenteret/Bilder/Prosjekt og program/VS-konferanse16.jpg (rw_largeArt_1201).jpg

Fredag 29. mai blei Være sammen-konferansen arrangert ved Universitetet i Stavanger. Være sammen handlar om kvalitetsheving og utvikling for tilsette i barnehagar. Læringsmiljøsenteret er ein av samarbeidspartnarane, og har mykje av det faglege innhaldet.

Kjernen i Være sammen er den varme og grensettande vaksne, kommunikasjonsteori, handtering av utfordrande åtferd og innovasjonsforståing. Meir enn 600 barnehagar over heile landet har vore med på utviklingskonseptet. På konferansen var det oppfrisking og påfyll av ny kunnskap til dei som har deltatt i prosjektet.

Stor spreiing sidan oppstarten i 2010

Dagleg leiar i Være sammen, Torhild Roland Vetvik, innleia med å fortelje litt om historia til Være saman, og korleis det heile starta.

– Eyvind Skeie ville i 2009 lage noe som styrket barn si sjølvkjensle. Teori og forskingsbasert låg i botn i pilotprosjektet i 2010, sa ho.

Dei fyrste barnehagane var i Agder. Så spreidde det seg til fleire fylke.

– Dette er ikkje eit prosjekt, men ein prosess som aldri vert ferdig, understrekar Vetvik.

Forfattar og grunnlegger av Være saman, Eyvind Skeie, fortalde om kreativitet og om å våge å fylje draumen.

– Vi må våge å utsetje oss sjølve for forandring. Det er ein del av livets risiko, sa han.

Auglend barnehage i Stavanger er av ein barnehagane som har arbeida med Være sammen. Fem verksemdleiarar (Bente Sjøthun, Monica Kapstad, Bente Torjusen, Hanne Lyhne Baardsen, Elisabeth Aarthun Van-Der Hagen) fortalde korleis barnehagen har samarbeida med andre barnehagar i bydelen. Netteverksarbeidet deira har utviklet kapasiteten i barnehagane, påverka deira leiing på ein positiv måte, noko som har gjort jobben meir interessant.

Relasjonar, sjølvregulering og profesjonelle vaksne er viktig

Universitetslektor ved Læringsmiljøsenteret, Svanaug Lunde, la vekt på å bli sett og forstått. Ho understreka at vaksne må vera kjenslemessig påslått.

– Etter familie, viser forsking  at barnehagen er viktigast for alle barn. Aller viktigast er barnehagetilsett for barn som ikkje har vore saman med andre vaksne som er kjenslemessig på, seier Lunde.

Professor Ingunn Størksen er ein av dei som har arbeida mest med temaet sjølvregulering i Noreg. Ho viste til at sjølvregulering er viktig for leik, og at sjølvregulering er like viktig som språk.

Det finst ulike typar sjølvregulering som vert utvikla i ulike aldrar. Ein har mellom anna biologisk, emosjonell, åtferdsmessig og kognitiv regulering.

– Sjølvregulering er like viktig som intelligens når det gjeld prestasjonar, meiner Størksen.

Dosent Pål Roland la fram nye teoriar om utfordrande åtferd, og korleis vi vi kan forstå og førebygge vanskar gjennom utøving av ein profesjonell vaksenrolle. Den må utøvast både individuelt og kollektivt.