MENY

Lærarar utviklar samarbeid gjennom deltaking i endringsarbeid

Forskning: Deltaking i skuleomfattande utviklingsprogram, der målet er å redusere problemåtferd og styrke klasseleiing, aukar samarbeidet mellom lærarar.

Fire lærarar rundt ein datamaskin. Samarbeid er ein viktig føresetnad for å lykkast.

Det viser den første longitudinelle studien av samarbeid mellom lærarar som er gjennomført i Skandinavia.

Resultata tyder på at endringsarbeid som har andre hovudmål også kan styrke skulen som organisasjon gjennom auka samarbeid mellom lærarane.

900 lærarar deltok

Studien er gjennomført mellom 900 lærarar ved 28 skular som deltok i Respekt-programmet (18 skular) og Handbok i klasseleiing (10 skular).

Hovudmålet i Respekt er å førebygge og redusere problemåtferd og å styrke læringsmiljøet for elevane i skulane som deltek. Handbok i klasseleiing er retta om utvikling av klasseleiing ved skulen og den enkelte lærar.

I begge intervensjonane er samarbeid mellom lærarane ein viktig implementeringsstrategi. Eit mål for studien var såleis å granske om skulane lykkast i å auke samarbeidet gjennom arbeidet med intervensjonane noko resultata dokumenterer at skulane gjer.

Tidlegare forsking på ulike former for samarbeid mellom lærarar er i hovudsak kvalitative småskalastudiar som har gitt innsikt i lærarane sin opplevde erfaringar med samarbeid og kunnskap om kva føresetnadar lærarar opplever må vere til stades for å lykkast med samarbeid. Ingen studiar har, så langt vi kjenner til, granska om intervensjonar der samarbeid er ein sentral implementeringsstrategi har den effekten for lærarar som er intensjonen.

Skuleeffektar og lærareffektar

Studien har granska både skuleeffektar og lærareffektar. Det inneber at ein har sett på skilnadar i samarbeid mellom skular, samtidig har ein sett på skilnadar mellom lærarar når ein har tatt omsyn til effekten av at dei arbeider på ein skule med mykje eller lite samarbeid. Ein ventar til dømes at lærarar ved skular som har ein sterk samarbeidskultur vil samarbeide meir som resultat av dette enn lærar ved skular som har ein svakare samarbeidskultur. Lærareffektar viser då resultat etter at ein har tatt omsyn til denne skuleeffekten.

Dei viktigaste funna i studien

Lærarar både ved skular som deltek i Respekt og i Handbok for klasseleiing aukar samarbeidet gjennom intervensjonsperioden. Såleis dokumenterer studien at skulane lykkast med å styrke samarbeid mellom lærarar slik intensjonen var.

Samarbeid er sett som ein viktig føresetnad for å lykkast med å redusere problemåtferd, styrke læringsmiljøet og styrke klasseleiing i skular.

Skular der lærarane samla i liten grad opplevde positivt læringsmiljø i klassene ved prosjektstart rapporterte meir samarbeid enn skular der lærarane samla i høgre grad opplevde positivt læringsmiljø i klassene.

Det var derimot ingen signifikant skilnad i utvikling gjennom prosjektperioden mellom desse gruppene skular, ein indikasjon på at begge gruppene utvikla seg ettersom resultat for alle skulane samle viste auke i samarbeid gjennom intervensjonsperioden.

I utgangspunktet rapporterte skular som deltok i Handbok i klasseleiing meir samarbeid mellom lærarane enn skular som deltok i Respekt. Dette var ikkje uventa ettersom skulane som deltok i Handbok i klasseleiing var frå ein kommune der ein over tid hadde lagt vekt på utviklingsprosjekt der samarbeid var ein føresetnad for å lykkast.

Skulane i Respekt viste derimot sterkare auke i samarbeid mellom lærarane enn skulane i Handbok i klasseleiing gjennom prosjektperioden.

Lærarar som opplevde positivt læringsmiljø i klassa dei rapporterte for, samarbeida meir enn lærarar som opplevde mindre positivt læringsmiljø i sine klasser i utgangspunktet, men det var ingen skilnad i utvikling mellom desse gruppene gjennom intervensjonsperioden.

Erfarne lærarar samarbeida meir enn mindre erfarne lærarar i utgangpunktet, men heller ikkje mellom desse var det skilnad i utvikling gjennom intervensjonsperioden, noko som tyder på at både erfarne og mindre lærarar auka samarbeidet.

Særleg interessant var funna som viste at ved skular der lærarar samla i liten grad opplevde positivt læringsmiljø i klassene sine ved prosjektstart, rapporterte meir samarbeid enn lærarar ved skular som i større grad opplevde positivt læringsmiljø i klassene sine. Dette funnet var motsett av det som var venta ut i frå teori og tidlegare studiar på relaterte felt. Ein venta ein positiv samanheng mellom godt læringsmiljø og samarbeid, ut i frå at effektivt arbeid med utvikling av gode læringsmiljø krev samarbeid.

Ei forklaring på dei uventa resultata kan vere at ved skular der lærarane samla opplever dårleg læringsmiljø for elevane skapar det ei erkjenning av at ein må gjere noko og at denne erkjenninga motiverer lærarane som gruppe til auka samarbeid. Ein får «samling i botn» for å betre læringsutbytte for elevane. Ettersom det er lite storskala forsking kring samarbeid er det vanskeleg å ha klare svar på bakgrunnen for desse funna, her er det behov for meir forsking.

 

Referanse

Ertesvåg, S.K. (2014) Teachers’ collaboration in school-wide interventions. Social Psychology of Education. DOI: 10.1007/s11218-014-9262-x

UiS logo