MENY

Saknar meining med skulen

Kvar fjerde elev i ungdomsskulen opplever skulearbeidet som lite meiningsfylt. Dei slit med å forstå meininga med skulefaga, og stiller spørsmål ved nytteverdien av det dei lærer.

To gutter med beina på pulten. Mange elevar slit med å forstå meininga med skulefaga.

Heile 25 prosent av elevane i niande klasse slit med å finne skulearbeidet meiningsfylt. Rundt 40 prosent seier skulearbeidet er lite interessant. Skilnaden er klar mellom barnetrinnet og ungdomstrinnet. Elevane har større problem med å finne skulearbeidet relevant, jo eldre dei blir.

Konsentrasjonsproblem

– Jo mindre meining skulearbeidet gir, jo meir slit elevane med å konsentrere seg. Dette gjeld spesielt for elevar som i utgangspunktet strever med å konsentrere seg, seier professor Edvin Bru.

Han trur mykje teori gjer det vanskeleg for elevar med konsentrasjonsvanskar å halde ut i læringsarbeidet.

 Ofte bruker dei heller energien på å skape uro i klasserommet. For å forhindre at elevar kranglar eller slåst, må læraren få elevane til å oppleve skulen som meiningsfylt, forklarer Bru.

Lite relevant lærestoff får ikkje berre konsekvensar for elevane.

 Det er ikkje lett å vere lærar i ein klasse der elevane slit med konsentrasjonsvanskar kvar einaste dag. Lærarar synest ofte konsentrasjonsvanskar er meir belastande enn alvorlege åtferdsvanskar, seier Elin Thuen.

Teoritung skule

For at elevane skal oppleve skulearbeidet som meiningsfylt, må det leggjast meir vekt på nytte og relevans, meiner Bru.

 Ungdomsskulen er teoritung. Læreplanen er proppfull, lærebøkene er ofte tunge å lese, og mykje av lærestoffet er abstrakt. Mange av elevane klarer ikkje å sjå at det dei lærer på skulen kjem til nytte, seier han, og nemner religionsfilosofi, algebra og litteraturhistorie som døme.

Faren med ein teoritung skule er at elevar stadig føler at dei mislukkast. Dei kan fort miste trua på seg sjølve og på at utdanning har ein verdi.

– Undersøkingar har vist at norske skuleelevar ikkje synest utdanning har spesielt stor verdi, samanlikna med det elevar i andre land synest. Slike haldningar er ei utfordring for utdanningssystemet vårt, seier Bru og held fram:

 Politikarar liker å tru at elevar blir kunnskapsrike berre dei får nok teori. Men det er først når elevane finn lærestoffet relevant at kunnskapen kjem. Kanskje bør elevane lære mykje om litt mindre, i staden for litt om alt, spør Bru og føreslår ein kritisk gjennomgang av lærestoffet.

Praktiske døme

Ikkje berre er innhaldet i skulen teoritungt. Undervisinga på ungdomsskulen er ofte er einsformig.

 Undervisinga er framleis prega av lite elevengasjement, med mykje tavleundervising og bruk av lærebøker. Våre data tyder på at elevane er minst konsentrerte når læraren underviser i samla klasse, medan dei er meir konsentrerte når dei jobbar for seg sjølve eller i grupper, forklarer Thuen og legg til:

 Ved å bruke fleire praktiske døme, kan læraren byggje bru mellom teori og praksis. God fagleg støtte er også viktig. Læraren må få elevane til å "oppdage" det meiningsfulle i det dei held på med, oppmodar ho.

Støtte frå læraren

Gode relasjonar mellom elev og lærar speler også ei viktig rolle.

– Det er faktisk den emosjonelle støtta frå læraren som heng sterkast saman med konsentrasjon og opplevinga av meining. Når læraren viser at han bryr seg om elevane, vil dei lettare gjere det læraren ber om, seier Thuen.

– Kvar tredje elev på ungdomsskulen synest dei får for lite emosjonell støtte frå læraren. Dette er triste tal, når vi veit kor viktig denne støtta er for opplevinga av skulearbeidet, konstaterer ho.

Edvin Bru meiner det er eit tankekors at ein så stor del av elevane saknar at læraren bryr seg om dei.

– Lærarane treng meir ressursar, og nokre må endre si haldning. Vi treng også meir forsking på dette, seier han.

Kvalitetsutfordring

Elevane vil også bestemme meir. Dei vil både ha større innverknad på kva dei skal lære, og korleis dei skal lære. Funna til Bru og Thuen viser at 21 prosent av niandeklassingane er misnøgde med dette.

 Innverknad er viktig for motivasjon og innsats, på same måte som støtte og relevans er viktig. Vi meiner skulen har ei kvalitetsutfordring i det å få elevane til å sjå meininga med det dei lærer, seier dei to og konkluderer:

– At elevane skal få ei meiningsfylt oppleving, betyr ikkje at dei ikkje skal kjede seg. Men dei må ikkje kjede seg kvar einaste dag. Skulen må ikkje ta frå elevane det indre drivet, sjølve læringslysta.

UiS logo