MENY

Trude Havik i internasjonal ekspertgruppe om skulefråvær

Postdoktor Trude Havik ved Læringsmiljøsenteret er med i ei nyoppretta internasjonal forskargruppe som mellom anna skal sjå på korleis ein tidleg kan oppdage og førebygge fråvær.

Trude Havik i internasjonal forskargruppe

Skulefråvær er eit ungt forskingsfelt i rask utvikling

Skulefråvær er eit relativt nytt forskingsfelt som har fått auka merksemd dei seinare åra. Gruppa, som inneheld dei fremste forskarane innan feltet, har i første omgang tre mål med arbeidet:

  • Skape konsensus kring definisjonen av problematisk skulefråvær og fråvær som omgrep (t.d. kor mykje fråvær er for mykje) og etablere kriterium for ulike typar problematisk fråvær.

  • Identifisere dei mest effektive tiltaka for tidleg identifikasjon av skulefråvær.

  • Etablere ei internasjonal ekspertgruppe som skal evaluere eksisterande, målretta intervensjonar for å avhjelpe fråvær.

Nybrotsarbeid

Ettersom gruppa er sett saman av dei fremste forskarane på området, vil arbeidet deira truleg sette standarden for framtidig forsking på skulefråvær. Arbeidet som gruppa skal gjera, kan samanliknast med arbeidet innan forsking kring mobbing på 1980-talet. Da var mobbing eit nytt forskingsfelt, og kjende mobbeforskarar, som Erling Roland og Dan Olweus, samarbeida med internasjonale kollegaer for å etablere forskingsfeltet. Arbeidet som vart gjort dengang set framleis dagsorden for forsking på mobbing.  

Skulefaktorar si betydning

Dei fleste forskarane innan fråvær er klinisk orienterte og har primært hatt eit individ- og familiesentrert fokus. I si doktorgrad frå 2015 såg Havik på korleis forhold i skulen påverkar skulevegring.

Trude Havik har sett på skulen sitt bidrag for å førebygge og redusere skulevegring. Ho har vektlagt å kartlegge årsaker til fråvær i skulen generelt, og særleg skulevegring. Ho er opptatt av korleis skulen møter og legg til rette for elevar som vegrar å gå på skule.

Viktige funn i Havik sin doktorgradsstudiar indikerer at ein må skilje mellom skulk og vegring, noko som ofte vert omhandla under eitt både i praksisfeltet og i forsking. Skulk og vegring har ulike årsaker og ein treng såleis ulike tiltak i førebygging og reduksjon.

Med sin kunnskap om betydninga av skulefaktorar for skulevegring gir Trude Havik eit unikt bidrag til internasjonal forsking på feltet.  

Havik har vidareført dette arbeidet i ein studie i samarbeide med dr. David Heyne, Leiden University, Nederland og dr. Jon Magne Ingul, NTNU.

Første samling i 2018

Initiativet til forskargruppa kjem frå dr. David Heyne og professor Kenneth Reid som saman med  andre står bak søknaden om midlar til arbeidet i gruppa. Heyne og Reid er kanskje dei mest sentrale forskarane feltet. Forskargruppa består av 1–2 forskarar frå 11 land. Havik er ein av to som deltek frå Noreg. Den andre er Jon Magne Ingul.

Gruppa vert samla til ein workshop våren 2018 i Leiden, Nederland, men vil starte arbeidet med gjennomgang av  sentral forsking på feltet før den tid. I tillegg til workshopen vil gruppa stå i spissen for fleire nasjonale og internasjonale konferansar på området dei næraste åra.