MENY

Om Læringsmiljøsenteret

Nasjonalt senter for læringsmiljø og åtferdsforsking vert til dagleg kalla Læringsmiljøsenteret.

Kva vi arbeider med og korleis vi arbeider

Arbeidet ved senteret kan delast i tre:

  • utadretta verksemd: mellom anna program, prosjekt og kurs retta mot skular, barnehagar, PP-tenesta
  • forsking og publisering
  • undervisning og rettleiing på master- og doktorgradsnivå

Ifølgje oppdraget frå Utdanningsdirektoratet skal senteret hjelpe nasjonale styresmakter med råd og tenester, medverke til å realisere staten sine satsingar i utdanningspolitikken og bidra til betre læringsmiljø for barnehagebarn, elevar, lærlingar og vaksne. Vi skal utføre oppdraget vårt gjennom fagleg utvikling i kommunar og skular, forsking og relevant undervisning.

Oversikt over alle prosjekt, program, statlege føringar med meir vi arbeider med no, og nokre vi har avslutta

Oversikt over kva dei ansatt har publisert

Styring og oppbygging

Læringsmiljøsenteret er ein del av Humanistisk fakultet ved Universitetet i Stavanger. Vi har to avdelingar: ein i Stavanger og ein i Porsgrunn.

Les meir om historia til senteret

Senteret har eit styre som blant anna har ansvar for strategisk utvikling av verksemda, og økonomisk kontroll og overvåking av drifta. Styret fastsett budsjett og plan for verksemda. Planen vert sendt til Utdanningsdirektoratet til orientering.

Overordna dokument

Her finn du ein oversikt over dei dokumenta og nettstadene som er førande for arbeidet til senteret:

Andre nasjonale senter

Læringsmiljøsenteret er eit av fleire nasjonale senter i utdanninga. Dei andre sentra er:

UiS logo
Logo Læringsmiljøsenteret