MENY

Lærar-elev-dialogen og elevane si læring

CIESL-prosjektet ser mellom anna på korleis læraren støttar elevane sine læringsprosessar og legg til rette for utvidande dialogar.

Lærer som i klasserommet og snakker med elevene. Foto: iStock Dialogane i klasserommet vil vera viktige i dei vidare analysane i CIESL.

I CIESL-prosjektet observerer me eit utval lærarar, som me analyserer ved hjelp av skåringsmanualen CLASS-S. Eit område me ser nærare på i desse observasjonane er korleis læraren støttar elevane sine læringsprosessar gjennom å engasjere elevane i læringsaktivitetar, fremje djup forståing, utvikle tenking om tenking, støtte og tilbakemelde i læringsarbeidet – og leggje til rette for utvidande dialogar. Dialogane mellom lærar og elev, og mellom elevane er i den samanheng interessante og vil vera viktige i dei vidare analysane i CIESL-prosjektet. 

Rolla, forma og organiseringa av dialogen i klasserommet er sentral. Vygotsky har gjennom sine teoriar satt fokus på forholdet mellom tenking, språk og kultur. Sjølv om studiane hans ikkje er utarbeida i klasserommet, har han danna grunnlag for ei forståing av korleis språket spelar ei avgjerande rolle for elevane si læring i klasserommet (Wittek, 2012):

  1. Det er viktig å leggje til rette for at elevane kan setje ord på sine tankar.
  2. Når elevane set ord på eigne tankar, får læraren og andre i klasserommet tilgang til kvarandre si tenking.
  3. Måten elevar og lærarar snakkar saman på er ein del av det som blir lært.

Læring framstår såleis grunnleggande sosial og situert, og språket utgjer eit sentralt verktøy i læringsprosessen. Forsking frå norske og internasjonale klasserom indikerer at lærarar i stor grad nyttar ein autoritativ form for samtale i klasserommet. Samtalen pregast då av lukka spørsmål-svar responsar der både utfall og retning på samtalen i stor grad er lærarstyrt. I følgje Mercer and Howe (2012) ligg det eit potensial i at læraren i større grad legg til rette for ein meir dialogisk form for samtale i klasserommet, og dei listar opp nokre forskingsbaserte strategiar læraren kan bruke for å få elevane meir deltakande og auke deira læring:

  • Bruk opne spørsmål for å utforske elevane sine idear.
  • Oppmuntre elevane til å setje eigne ord på sin kunnskap, samstundes som du gir dei nytt vokabular for å utdjupe og støtte nye idear.
  • Be elevane utdjupe og rettferdiggjere sine synspunkt:
    • «Korleis kom du fram til det?»
    • «Kvifor?»
    • «Kan du fortelje litt meir?»
  • Gi elevane fleire mulegheiter til å uttrykke sine tankar og oppdage eventuelle misforståingar gjennom samtalen.
  • La nokre elevar få dele sine idear før du demonstrerer eller forklarar. På den måten kan forklaringar lenkast til det elevane har sagt og dei moment elevane allereie har framheva.
  • Gi kvar elev nok tid til å konstruere gjennomtenkte svar på eit spørsmål. Ikkje gå raskt vidare til ein anna elev fordi første elev nøler.
  • Bruk klassediskusjonar for å synleggjere poenget og formålet med å lære om eit emne.
  • Følg elevane sitt initiativ, i det minste nokre gonger, og la elevane sine kommentarar og innspel påverke retninga på diskusjonen (og kanskje til og med retninga på heile timen).
  • Modellér måtar å bruke språket på for å vise rasjonelle argument, slik at elevane kan lære av døme.

Dei nemnte strategiane utfordrar elevane til å setje ord på eigne tankar og bidreg til at medelevar og lærarar kan få tilgang til den enkelte sine refleksjonar og analysar. På denne måten kan lærar og elev saman skape modellar for læring. Strategiane kan såleis vera eitt steg i retning av å balansere forholdet mellom den autoritative samtalen og den dialogiske samtalen. Eit avgjerande poeng er då at læringsmiljøet er trygt nok til å undrast høgt saman og at kulturen for læring i klasserommet verdsett dei ulike bidrag inn i dialogen.

 

Tekst: førsteamanuensis Randi M. Sølvik

 

Referansar

Mercer, N. & Howe, C. (2012). Explaining the dialogic processes of teaching and learning: The value and potential of sociocultural theory. Learning, Culture and Social Interaction, 1(1), 12–21. doi:http://dx.doi.org/10.1016/j.lcsi.2012.03.001

Wittek, L. (2012). Læring i og mellom mennesker: en innføring i sosiokulturelle perspektiver (2. utg. ed.). Oslo: Cappelen Damm akademisk.

UiS logo