MENY

Program, prosjekt og oppdrag ved Læringsmiljøsenteret

Læringsmiljøsenteret arbeidar med ulike forskingsprosjekt, program og oppdrag frå Utdanningsdirektoratet. Her finn du ei oversikt over dei.

Først finn du ei alfabetisk liste over aktive program, prosjekt og oppdrag. Etter det føljer dei som er inne i siste fase. Til sist finn du dei som er runda av, men der artiklar og anna informasjon ennå kan vere av interesse.

Aktive

Agderprosjektet – en god start for alle er eit forskings- og utviklingsprosjekt som siktar mot ny kunnskap om kva som er viktig innhald for førskulebarn i barnehagen.

Balanse i livet – læringsmiljø og psykisk helse i videregående skole er en mindfulness-basert skoleintervensjon for økt stressmestring blant elever i videregående skole.

CIESL – klasseleiing i teori til praksis vil utvikle kunnskap om korleis lærarar vidareutviklar interaksjonen med elevane i klasserommet gjennom deltaking i ein intervensjon med fokus på klasseleiing.

Lekbasert læring er et prosjekt som skal undersøke om et førskoleopplegg for femåringer i barnehagen kan bidra til at barna får et likere og bedre læringsgrunnlag ved skolestart.

Læringsmiljøprosjektet – barnehage er et pilotprosjekt. Målet med piloten er at norske barnehager skal øke sin kompetanse, forebygge og håndtere mobbing.

Læringsmiljøprosjektet – skole er eit oppdrag frå Utdanningsdirektoratet. Dei skulane som deltek får fire semester med rettleiing og ny kunnskap om mobbing, klasseleiing og skuleutvikling.

Mobbeforskingsprosjektet Stigma – eit sentralt mål i prosjektet er å utvikle meir kunnskap om korleis skuler og skuleeigarar betre kan avdekkje og løse mobbesaker. Stigma hentar blant anna data frå Læringsmiljøprosjektet.

Se videre er et longitudinelt forskningsprosjekt om læringsmiljøets betydning for motivasjon, psykisk helse og fullføring av videregående skole.

Ungdomstrinn i utvikling handlar om klasseleiing, og er eit oppdrag frå Utdanningsdirektoratet.

VI i Sola – varig innsats for verdighet og inkludering er eit utviklingsarbeid mellom Sola kommune og Læringsmiljøsenteret. Målet med samarbeidet er eit godt og inkluderande oppvekstmiljø for alle barn og unge i Sola kommune.

Være sammen er eit utviklingsprogram som rettar seg mot barnehagar. Grunntemaene i Være sammen er tidleg innsats, sosial kompetanse, autoritative voksne, implementering og handtering av utfordrande atferd.

Det vert arbeida med fleire doktorgradar innan utdanningsvitskap ved senteret.


I siste fase

Georgia – Sidan 2006 har Noreg og Georgia samarbeida for å leggje til rette for at barn og unge med funksjonsnedsetting kan få opplæring ved den skulen dei naturleg høyrer til. Prosjektet avsluttas i februar 2017.

LP-modellen har som mål å utvikle gode læringsmiljø for alle. LP står for Læringsmiljø og Pedagogisk analyse. Lærarar samarbeider i lærargrupper etter spesielle prinspipp, og alle tilsette ved skulen deltar. Dei siste skulane er ferdige med LP-modellen sumaren 2017. SePU overtek ansvaret for nye skular som vil byrje med LP.


Avrunda

Bambi var eit forskings- og utviklingsprosjekt retta mot barnehagar. Prosjektet er no avslutta, men fleire artiklar frå prosjektet er framleis tilgjengelege. 

Dei utfordrande barna (DUB) var eit prosjekt som sette søkjelyset på problemåtferd. Hovudmålet var å utvikle handlingskompetanse til å avdekkje, avhjelpe og førebyggje psykososiale vaskar blant barn i alderen fire til åtte år. Prosjektet vart avslutta i 2012.

Under PPT-oppdrag finn du ein oversikt over materiell som PP-tenesta kan ha nytte av å kjenne til når dei samarbeider med skular og barnehagar.

Respekt var eit skuleutviklingsprogram som hadde som mål å fremje læringsmiljøet ved auka positiv åtferd hjå elevar og redusert negativ åtferd. Respekt nytta forskingsbasert kunnskap og hadde hovudfokus på mobbing, konsentrasjon og disiplin. Læringsmiljøsenteret avslutta sitt arbeid med Respekt sumaren 2016.

Forskingsprosjektet Skoleklar! studerte sjølvregulering, merksemd og ulike typar sosiale ferdigheitar hjå barnehagebarn. I prosjektet var forskarane spesielt interessert i korleis desse ulike faktorane kan verke inn på små barn si læring og prestasjon i dei første skuleåra.

Zero var eit anti-mobbeprogram kor aktiv involvering i heile skulemiljøet og forplikting stod sentralt. I arbeidet deltok både tilsette, elevar og foreldre slik at alle partane fekk eit eigarforhald til Zero.

UiS logo