MENY

CIESL prosjektet sterkt representert på ICSEI-konferansen 2016

Tidlegare i januar deltok fleire av forskarane i CIESL-prosjektet på ICSEI-konferansen 2016 med presentasjonar og symposium

Deltakarar frå UiS og Læringsmiljøsenteret på ICSEI-konferansen i Glasgow. UiS og Læringsmiljøsenteret var godt representerte på ICSEI-konferansen i Glasgow.

International Congress for School Effectiveness and School Improvement (ICSEI) vart i år arrangert i Glasgow 6.-9. januar. ICSEI-konferansen samlar praktikarar og forskarar frå  heile verda til ei veke med presentasjon og drøfting av den nyaste forskinga knytt til skuleutvikling. CIESL-prosjektet deltok med fleire individuelle presentasjonar og i eit symposium.

Individuelle presentasjonar
Prosjektleiar Sigrun K. Ertesvåg hadde ein presentasjon alt først konferansedagen. Her presentererte og drøfta ho arbeidet med å validere måleinstrumentet for klasseleiing i spørjeskjemaet til elevane. Nokre førebels resultat for korleis ulike grupper elevar opplever lærarane si støtte og oppfølging inngjekk i presentasjonen. Innlegget hadde tittelen «Students’ perception of teacher support and monitoring».

Siste konferansen dag hadde vi to presentasjonar. Sue Ksenia Solheim, PhD-student i CIESL,  presenterte førebels resultat frå sin studie av lærar si læring. Her presenterte ho resultat basert på dei digitale loggane som eit utval lærarar har  levert gjennom intervensjonsperioden i Ungdomstrinn i utvikling. Med utgangspunkt i lærarane sine rapportar om eigen læring presenterte ho fem ulike tilnærmingar lærarar nyttar i eigen læring. Lærarane rapporterte mest endring i kognisjonar og synet på klasseleiing, mindre endring av praksis i klasseromet. Det er grunn til å understreka at presentasjonen bygg på dei første digitale loggane som vart gjennomført tidleg i intervensjonsperioden. Det vert interessant å sjå resultat frå loggane på dei andre tidspunkta i samanheng med resultata i denne første delstudien.

Symposium
Pål Roland og Sigrun K. Ertesvåg deltok med ein presentasjon i eit symposium saman med forskarar frå Belgia, Nederland og Svergie. Symposiumet hadde tittelen Layers of Practice Creating Conditions For Effective Learning. Utgangspunktet for symposiet er at effektiv undervisning for elevane ikkje berre omfattar den enkelte lærar og elevane i klassa, men heile skulen og skuleadministrasjonen på kommunalt nivå. Gjennom dei dei fire presentasjonane vart det belyst korleis lærarar, klasserom og skulen kan bidra til endring og kva utfordringar ein kan møte. Forsking indikerer at skular som lykkast kan karakteriserast av praksis i mange lag, frå klasserom, skule til kommunen som er prega av gjensidig forsterkande arbeid i mål, policy og arbeidsrutinar. Enkelt sagt arbeider alle mot det same målet på måtar som utfyller og forsterkar kvarandre. Ulf Blossing og Pam Sammons, som er mellom dei internasjonale samarbeidspartane våre, deltok òg i symposiet. Ulf leia symposiumet og deltok med ein presentasjon saman med kollegaer frå Gôteborgs Universitet. Pam var kommentator.

Dei fire presentasjonane tok for seg ulike lag i denne kjeda. Frå CIESL-prosjektet presenterte og diskuterte vi faktorar som kan fremme eller hemme omsetting av kunnskap til praksis i klasseromet. Utgangspunktet var resultat frå gruppeintervju med lærarar i starten av intervensjonsperioden i Ungdomstrinn i utvikling som vart sett i samanheng Dean Fixen sin teoretiske modell for å forstå kva som hemmar eller fremmar implementering.

Studie av langsiktig arbeid
I tillegg til dei tre presentasjonane med utgangspunkt i resultat frå CIESL-prosjektet presenterte Elsa Westergård og Pål Roland ein studie av ein skule 12 år etter dei starta implementeringa av Respekt-programmet. Framleis er arbeidet etter prinsippa i Respekt levande ved skulen og studien lysset faktorar som har medverka til dette. Såleis er resultata frå studien svært interessante for arbeidet i CIESL. 

Alle presentasjonane vert vidareutvikla og vil inngå i framtidige publikasjonar.

UiS logo