MENY

Millionar til forsking

Læringsmiljøsenteret er involvert i to prosjekt som til saman får 20 millionar kroner frå Forskningsrådet.

Sigrun Ertesvåg og Ingunn Størksen.

Forskningsrådet si nye storsatsing på utdanningsforsking, FINNUT, har tildelt 161 millionar kroner til 21 prosjekter. Læringsmiljøsenteret er prosjektleiar for eitt av desse prosjekta.

Frå teori til praksis
Professor Sigrun Ertesvåg ved Læringsmiljøsenteret leiar prosjektet «Classroom interaction for enhanced student learning (CIESL) - Implementing research based knowledge regarding teacher-student interaction.”  

Prosjektet vil utvikle kunnskap om korleis lærarar omset teoretisk kunnskap om klasseleiing til praktisk handling i klasseromet, og korleis lærarar si kompetanseutvikling er knytt til elevar si læring og læringsutbytte.

Vidare vil prosjektet sjå på kva faktorar i skulen som organisasjon som kan legge til rette for lærarar si kompetanseutvikling innan klasseleiing og kva faktorar som kan hemme.

- Eit særleg fokus vil være på nyutdanna lærarar si utvikling av klasseleiing. I dette arbeidet vert det viktig å òg sjå nærare på korleis erfarne lærarar utøver klasseleiing, seier Ertesvåg.

Prosjektet vil omfatte observasjonar i klasseromet, intervju, loggar og spørjeskjema til lærar og elevar ved skular som deltek i ei nasjonal satsing der klasseleiing er eit sentralt element.

Studien vil òg gi kunnskap om korleis skular implementerer nasjonalt initierte prosjekt og korleis slike satsingar initiert av myndigheitene kan kome enkeltlærarar og elevar til gode.

- Eit mål med prosjektet er at kunnskapen skal gi grunnlag for materiell som videodøme, artiklar, nettekster og liknande som kan bidra til lærarar si utvikling. Matereilutviklinga vil skje både under og etter prosjektet, seier Ertesvåg.

Prosjektet er eit samarbeid mellom Læringsmiljøsenteret, Institutt for grunnskoleutdanning, idrett og spesialpedagogikk (UiS) og Institutt for Pedagogikk (Høgskulen i Telemark).

Forskarar og forskingsmiljø frå Sverige, Storbritannia og USA inngår i samarbeidet. Prosjektet startar opp hausten 2014 og vil gå over fire år. Prosjektet er innvilga 10 millionar kronar.

150 barnehagar deltek i Agderprosjektet
Professor Ingunn Størksen ved Læringsmiljøsenteret er med i eit prosjekt som er leia av professor Mari Rege ved Handelshøyskolen ved UiS. Tittelen på prosjektet er «Leveling the playing field: An intervention to promote school readiness and human potential”. Prosjektet samarbeider med barnehagar i Agder, og vert kalla Agderprosjektet.

Agderprosjektet skal tilby femåringar i 50 barnehagar eit læringsopplegg med meir trykk på læring enn det som er vanleg i norske barnehagar i dag. Før skulestart og etter første klasse vil barna i fokusbarnehagane bli samanlikna med femåringar frå om lag 100 andre barnehagar i same distrikt.

- Forsking viser at det er visse utviklingsområde som det er viktig å stimulere før skulestart, for eksempel talforståing, språk, sjølvregulering og sosiale ferdigheitar. Vidare viser internasjonal forsking at barn med foreldre med lav utdanning og inntekt skårar lågare på desse viktige ferdigheitene, seier Størksen.

Målsetjinga med prosjektet er å forske på korleis læringsopplegget kan sikre at barn i større grad har same læringsgrunnlag ved skulestart, og dermed likare moglegheiter for å lykkast i utdanning og arbeidsliv. 

Trongt nålauge
Total kom det inn 159 søknader. Programstyreleiar for FINNUT, Elaine Munthe, understrekar at mange av desse var sterke kandiatar. Ho viser vidare til at prosjekta som har fått tildelingar har god spreiining når det gjeld utdanningsnivå, og at uliek temaområde vert dekka.

- Porteføljen består av prosjekt i heile spekteret frå barnehageforsking til vaksne si læring. Mange sentrale problemstillingar kjem opp, og det er gjennomgående svært høg kvalitet på prosjekta vi har innvilga, seier Munthe til Forskningsrådet sine nettsider.

UiS logo