MENY

Samarbeid med andre forskingsmiljø styrkar forskinga

Samarbeid med andre fagmiljø er sentralt for å styrke kvaliteten av forskinga i CIESL. No vitjar vi kollegaer ved University of Virginia som har utvikla kartleggingssverktyet vi nyttar for analyse av observasjonar i klasseromet.

Sigrun K. Ertesvåg og Trude Havik vitjar University of Virginia. Foto: Rune Enoksen Sigrun K. Ertesvåg og Trude Havik vitjar University of Virginia. Foto: Rune Enoksen

For å kunne vere nyttig for praksisfeltet må forskinga i CIESL vere av høg kvalitet. Eit mål vi arbeider mot og strekker oss etter dagleg. Ein målretta strategi og innsats for å stryke kvaliteten er samarbeid med internasjonale fagmiljø. Drøfting med kollegaer frå sentrale forskingsmiljø innan feltet er gjensidig inspirerande og lærerikt.

Samarbeidet har ulike former. Vi har tre aktive internasjonale samarbeidspartar i prosjektet. I tillegg har vi meir uformelt samarbeid med fleire fagmiljø. Eit av dei finn vi ved University of Virginia (UVA) der postdoktor Trude Havik for tida er på eit to månadar langt forskingsopphald ved The Centre for Advanced Study of Teaching and Learning (CASTL). Professor Robert Pianta som er sentral ved CASTL og Dean ved Curry School of Education har tidlegare vore knytt til Læringsmijøsenteret i ei bistilling. Såleis har det vore samarbeid mellom CASTL og senteret over mange år. Den siste veka har prosjektleiar Sigrun K. Ertesvåg òg vitja CASTL.

Førebels resulta i CIESL

Veka starta med at Trude og Sigrun deltok på eit seminar ved CASTL, der CIESL vart presentert og nokre førebels resultat frå prosjektet vart drøfta med kollegiet. Mykje av forskinga ved CASTL har utgangspunkt i observasjonar skåra med CLASS og det har vore naturleg å vektlegge dette både i presentasjonar og diskusjonar vi har hatt. Men det er òg forskarar som arbeider med data frå spørjeskjema for mellom- og ungdomstrinnet, og Trude har under opphaldet sitt høve til å drøfte også denne delen av dataene våre nærare. 

Særleg interessant har det vore å drøfte dei førebelse resultata frå observasjonane med Robert Pianta og Bridget Hamre. Her har resultat frå ein artikkel som nærmar seg ferdigstilling vore sentralt i drøftingane. I tillegg har framtidig samarbeid for å gjere CLASS meir tilgjengeleg i Norge vore drøfta. Anna mogleg samarbeid har òg vore drøfta. Her er det berre å fylgje med framover.

Internasjonalisering

Internasjonalt samarbeid er sentralt ikkje berre i CIESL. Internasjonalisering er ikkje berre eit satsingsområde, men eit perspektiv som må gjennomstrøyme heile vår høgare utdanning har kunnskapsminister Torbjørn Rød Isaksen uttalt tidlegare. Forskarane i CIESL-prosjektet har jobba medvite og målretta med internasjonalisering i mange år. Vi har knytt kontaktar med sentrale forskarar på fleire feltet vi forskar på, tre av dei er formelle samarbeidspartar i prosjektet, andre møter vi, som i dette tilfelle, for drøfting og erfaringsutveksling. Fleire av forskarane i CIESL har hatt lengre forskingsopphald i utlandet og fleire slike er planlagde framover både i og utanfor CIESL. Dette har styrka kvaliteten av forskinga vår.

Internasjonalt samarbeid er inspirerande og viktig, men er også krevjande. Særleg lengre opphald der  ein reiser frå familie og der kvardagen heime går sin vante gang. Då kan det vere einsamt å sitje langt unna uansett kor inspirerande fagmiljøet ein vitjar er. Internasjonalisering er likevel mest positivt. I tillegg til å møte internasjonale kollegaer som arbeider på same felt, gir tida borte frå kvardagen heime god tid og ro til å konsentrere seg om arbeidet og ein er gjerne ekstra produktiv i ei slik periode.

Hyggelege sideeffektar

Utanlandsopphald kan òg gi gledelege sideeffektar. Sol og sommarlege temperaturar over 25 grader mot slutten av oktober skapar saman med nydelege haustfargar ei ekstra vakker ramme rundt besøket. Ramma kunne ikkje vore betre, som einaste campus i verda er UVA på Unesco si verdsarv liste. Universitetet vart grunnlagt av Thomas Jefferson, USA sin tredje president som hadde sin plantasje Monticello, like utanfor byen. Friluftsglade Trude har ikkje uventa meldt seg inn i eit par turgrupper og har fått nye turbekjentskap, vore på søkkvåt tur i utkanten av ein orkan og håpar framleis på å møte bjørn i skogen før ho reiser heim.

 

Relevant lesing

UiS logo