MENY

The City of Dreaming Spires

Prosjektleiar i CIESL, professor Sigun K. Ertesvåg, har sendt oss eit reisebrev frå Oxford – The City of Dreaming Spires!

Bilde frå Oxford – The City of Dreaming Spires. Foto: Sigrun K. Ertesvåg, Læringsmiljøsenteret Nokre av dei mange tårna i Oxford – The City of Dreaming Spires.

Oxford vert kalla byen med dei drøymande spira, noko som hadde sitt opphav i diktet Thyrsis av Matthew Arnold (1865). Uttrykket er mynta på den slåande arkitekturen i byen der dei mange bygningane ved University of Oxford nærast utgjer heile byen, og der universitetet og byen er så tett samanvevde som kanskje er mogleg. Byen er universitetet og universitetet er byen. Ved det tradisjonsrike og prestisjetunge universitetet lever nok òg mange andre draumar og nokre fell sannsynlegvis også i grus.

Dei siste tre månadane har eg vore «visiting researcher» på Department of Education der professor Pam Sammons, som er ein av dei internasjonale samarbeidspartane i CIESL, arbeider. Først og fremst har eg jobba saman med henne med analyser av data og publisering av resultat frå studien.

Ho er ein av dei  fremste ekspertane internasjonalt på «Mixed methods» som vi nyttar i CIESL, og ho har mellom anna nytta denne type tilnærming i klasseromsstudiar. Mixed methods vil seie at vi nyttar ulike typar datakjelder, som til dømes spørjeskjema og intervju for å belyse problemstillingane i prosjektet. Utfordringa kan vere å utnytte resultata frå så ulike datakjelder fullt ut kvar for seg og saman. Arbeid med dette har vore hovudaktiviteten under opphaldet. Samstundes gir eit opphald i Oxford mange andre inntrykk og innspel å ta med heim.

Akademisk smeltedigel

Først og fremst er Oxford ein akademisk smeltedigel. Som eit av dei eldste universiteta, det eldste i den engelsktalande delen av verda, er University of Oxford ein smeltedigel av forsking med impulsar frå store delar av verda. Universitetet trekk til seg både studentar og tilsette frå heile verda. På Department of Education finn ein då òg eit og anna norsk innslag, både mellom studentar og tilsette. Universitetet rekrutterer mellom dei aller beste forskarane internasjonalt innan ulike utdanningsfelt. Mange internasjonale forskarar vitjar òg Oxford for kortare eller lengre opphald, slik eg har gjort.

Denne smeltedigelen gir eit svært interessant fagmiljø. Dagleg er det eit eller fleire fagleg interessante seminar ein kan delta på. Alle forskargruppene har eigne seminarrekkjer, og det er eigne kvantitative og kvalitative forum kvar veke. I tillegg kjem gjerne besøkande forskarar og seminar som dei deltek i. Sjølv har eg hatt to seminar om CIESL, eit der eg presenterte arbeidet med å validere CLASS-S i Noreg. I det andre presenterte og drøfta eg forskingsdesignet i prosjektet. 

Ein kunne nærast fylle heile opphaldet med å gå på interessante seminar. Ein stor skilnad frå Norge er at mange av desse seminara går på sein ettermiddagstid, gjerne frå kl. 17.00–18.30. Det er vel lite truleg at vi hadde fått til regelmessige seminar på det tidspunktet i Noreg. Ei årsak til dette tidspunktet er at det skal vere mogleg for studentane å delta på seminara utan at det kjem i konflikt med undervisninga. Det skapar eit heilt anna fagleg fellesskap mellom studentar og tilsette enn vi kjenner heimanfrå. På denne måten vert studentar, på master og ph.d.-nivå, tidleg integrert i den faglege debatten ved instituttet.

Eg har prøvd å få med meg alle seminara som eg har hatt høve til å gå på, og som er relevante for arbeidet i CIESL. I tillegg har eg gjort eit utval av alle dei andre interessante seminara. Når mai månad tek til ser eg fram til å vere tilbake på kontoret og kunne dele erfaringar og innspel med resten av CIESL-gruppa.

Her på nettsidene vil eg òg dele inntrykk frå eit seminar med særleg interesse for oss i CIESL, og andre som er interessert i utvikling av praksis i klasseromet. Tidlegare i vår fekk vi nemleg eit innblikk i kanskje det mest avanserte klasseromslaboratoriet i verda. Det skal eg skrive meir om neste veke, så fylg med!
 

Tekst og bilder: Professor Sigrun K. Ertesvåg

 

Christ%20Church%20College.jpg%20%28rw_largeArt_1201%29
Christ Church College i Oxford.
 

UiS logo