MENY

Arbeidsseminar om forankring

Våren 2014 gjennomførte Læringsmiljøsenteret eit arbeidsseminar om forankring med deltakarar frå høgskular og universitet.

Bilde av sitjande forsamling sett bakfrå. Dei ser mot ei kvinne som står og snakkar.

Temaet for arbeidsseminaret var «Forankringsarbeid ved skular som deltar i Ungdomstrinn i utvikling». Målet med seminaret var å drøfte og dele erfaringar om korleis ein best kan forankre arbeidet med Ungdomstrinn i utvikling ved skulane for å rede grunnen for vellykka arbeid med klasseleiing.

Tilsette ved Læringsmiljøsenteret gav døme på tilnærmingar og arbeidsmåtar vi nyttar i forankringsarbeid saman med skular, og det blei vist til døme frå pulje 1 i satsinga. Vidare blei det understreka at forankringsarbeid er noko ein må arbeide kontinuerlig med, og at sjølv om forankringsarbeid er sett på dagsorden og gjennomført, kan det vere behov for restart.

Seminaret blei gjennomført med ein kombinasjon av arbeidsformer. Det var både fagleg introduksjon, illustrasjonar av ulike tilnærmingar og verkemiddel og drøftingar i grupper og i plenum.

UiS logo