MENY

Workshop om evnerike

Klasseleiing tilpassa elevar med akademisk talent var tema då Læringsmiljøsenteret inviterte UH-sektoren til arbeidsseminar i februar.

Bilde frå arbeidsseminaret.

For tredje gong inviterte Læringsmiljøsenteret deltakarar i Ungdomstrinn i utvikling til arbeidsseminar. Tema denne gang var korleis ein kan gi tilpassa opplæring for elevar med akademisk talent.

Gjennom seminaret var målet å diskutere og utveksle erfaringar frå arbeidet med klasseleiing i Ungdomstrinn i utvikling. Førsteamanuensis Ella Idsøe introduserte forsking kring elevar med akademisk talent, og kva denne elevgruppa treng i undervisninga.
- Likskapsprisnippet er misforstått i Norge. Vi må  ha like moglegheiter for utvikling, men vi er veldig ulike. Det må vi ta omsyn til i undervisninga, seier Idsøe.

Ho er opptatt av korleis lærarar kan leggje til rette for vidare læring, og hjå dei elevane som ligg over snittet.
- Vi har i Norge en læringskultur kor barn ikkje blir nok utforda, seier ho.

Seniorrådgjevar Frank Rafaelsen presenterte pedagogisk analyse som verktøy for utvikling av tilpassa opplæring.

UiS logo