MENY

Nulltoleranse overfor mobbing

Skulane har plikt til å arbeide for å tilby alle elevar eit godt og utviklande psyko-sosialt miljø utan mobbing. Likevel opplever meir enn 5 prosent av elevane i grunnskulen å bli mobba kvar veke eller oftare.

Bilde av jenter som peker mot en annen jente i en garderobe.

For å hjelpe skulane med å etablere eit godt arbeid mot mobbing inviterer Læringsmiljøsenteret skulane til å innføre skuleutviklingsprogrammet Zero. Sidan starten i 2003 har meir enn 400 skular i Noreg arbeidd med Zeroprogrammet. Eit godt resultat av arbeidet krev god, kontinuerleg innsats.

I programmet står nulltoleranse overfor mobbing sentralt. I tillegg handlar det om aktiv involvering i heile skulemiljøet og forplikting. Både tilsette, elevar og foreldra skal involverast slik at alle partar får eit eigarforhold til skulen sitt arbeidet mot mobbing.

Skulane opprettar ei prosjektgruppe som blir sentral i arbeidet med programmet. Læringsmiljøsenteret har utvikla materiell og støttar skulane med kurs, seminar, rettleiing og kartlegging av elevane si oppleving av mobbing på skulen.

Gjennom arbeidet med programmet skal dei tilsette på skulane lage ein eigen handlingsplan mot mobbing. Felles forståing og handling er viktig.

Senteret har og eit pilotprosjekt med Zero barnehage i Voss.

UiS logo

Logo Zero

Bestilling av materiell

Gå til nettbutikken for å bestille materiell til Zero.

Sett filteret til Zero for å få oversikt over det som er tilgjengelig. 

Du kan også velge Bestillingsskjema i venstremargen til nettbutikken, laste ned, fylle ut og sende skjemaet til oss.