MENY

Grunnbok om pedagogikk

I boka "Pedagogikk – en grunnbok" presenterer forskarar ny forsking og forklarer korleis denne kan påverke pedagogisk praksis.

Over 683 sider drøftar boka pedagogiske grunnlagsproblem, omgrep, teoriar og praksisformer.

– Den tar for seg tradisjonar, teoretiske retningar, vitskapsteoretiske utfordringar og grunnleggjande praktiske spørsmål. I tillegg viser bidraga i boka tydeleg korleis pedagogikk som fag speiler mange sider ved dagens samfunn, heiter det i omtalen av boka.

Boka er delt inn i fem delar. Desse er:

  • Kva er pedagogikk?
  • Læring
  • Undervisning og vurdering
  • Grunnleggjande ferdigheiter
  • Det mangfaldige samfunnet

Boka består av totalt 38 kapittel, og er redigert av Janicke Heldal Stray og Line Wittek. Professor Sigrun K. Ertesvåg ved Læringsmiljøsenteret bidrar med to kapittel om klasseleiing, og styreleiar ved senteret, Therese Hopfenbeck, skriv om testing.

I tillegg til dei nemnde forfattarane bidrar Marit Allern, Rune Andreassen, Trine Anker, Kjell Lars Berge, Gunnar Bjørnebekk, Elisabeth Bjørnestad, Christian Brandmo, Thomas de Lange, Liv Duesund, Gunnstein Egeberg, Knut Steinar Engelsen, Brit Oda Fosse, Øystein Gilje, Liv Sissel Grønmo, Greta Björk Gudmundsdottir, Finn Hjardemål, Vegard Kvam, Arne Lervåg, Marie von der Lippe, Monica Melby-Lervåg, Thomas Moser, Merethe Roos, Veslemøy Rydland, Åse Røthing, Ragnhild Sandvoll, Kenneth Silseth, Atle Skaftun, Karianne Skovholt, Tone Dyrdal Solbrekke, Sigrun Svenkerud, Kristin Skinstad van der Kooij og Line Wittek.

UiS logo
Framsida på boka Pedagogikk - en grunnbok