MENY

Om å møte alle på ein verdig måte

Dei forventningane vi møter kvar elev med betyr noko for korleis eleven gjer det i klassen, både faglig og sosialt, skriv Grete Dalhaug Berg i denne artikkelen.

Diktet «Liten gut fortel» av Jan Magnus Bruheim starter slik:

Eg fekk det ordet 
eg var tverr – 
og lei og vrang 
og sky og skjerr. 

Eg ikkje anna 
høyre fekk, 
og sturen var eg 
kvar eg gjekk. 

Visst er eg vrang 
og vond og sur, 
men eg ma? væra 
slik dei trur. 

Jan Magnus Bruheim, frå Doggmorgon 1977.

Vere slik dei trur

Dette verset seier ganske mykje om korleis ein gut eller ei jente kan oppleve skolen. Mange elevar kan føle at den tida dei er på skolen, blir brukt til å "vere slik dei trur". «Dei», kan i denne samanheng være både medelevar og lærar eller andre vaksne. Det handlar om eit møte som er avgjerande for alle parter, men som først og fremst er avgjerande for eleven.

Det handlar om forventningar til dette møtet mellom lærar og elev. Det er forventningar både faglig og sosialt. Begge har med seg gode og dårlige erfaringar til dette møtet. Læraren har og med seg informasjon om eleven. Slik informasjon kan være saklig faglig informasjon, men det kan og være informasjon som er mer uformell. Læraren kan ha høyrt noko om eleven frå andre eller kjenner familien til eleven. Korleis læraren bruker denne informasjonen som han har fått, er av verdi for dette møtet mellom lærer og elev. Læraren skal uansett være den profesjonelle i dette møtet, slik at informasjonen som han har om eleven ikkje skal prege dette møtet negativt. Men er det slik?

«Ryktet går foran mannen», heter det. Sjølvsagt er det interessant å ha litt bakgrunnsstoff når ein skal møte nye menneske og då er det lett å bli forut inntatt i ei eller anna retning. Forut inntatt betyr at ein på førehand er uvillig stemt mot en person på grunn av ein eller annan uakseptabel handling eller noko ein har høyrt. Det er ei form for fordømming.

Ein sjølvoppfyllande profeti er ein profeti, ei meining, ei haldning, som er tilbøyeleg til å oppfylle seg sjølv. Det vi forventar skal skje, vil skje. Overført til elevane, klassen og læraren så vil det å ha ei meining om eller aning om at framgang vil skje eller at ein skal mestre noko, ha betyding for resultatet.

Leite etter dei sterke sidene til eleven

Eit anna uttrykk eller ordtak er at «Tro kan flytte fjell». Det handlar om det same, at om vi berre tru sterkt nok så kan vi klare alt. I diktet av Ingvar Moe som heiter «Eg kan», avsluttast kvart vers med: «Jau, det kan eg greie, jau, det går nok an. Om nokon vil seie dei trur at eg kan!». Men for at eleven skal klare, så må han ha noen rundt seg som trur at han kan, og som kan fortelle han at han trur på han. Når vi lærer, blir vi influert av andre si oppfatning om oss. Derfor er læraren si haldning til eleven viktig.

Dersom vi leitar etter dei sterke sidene til eleven, så treng vi ikkje ha blikket vårt på dei svake sidene eller på dei områda der eleven strevar. Det vil gjere noko med forventningane våre til eleven og føre til at vi «treffer» betre med undervisninga. Målet er å styrkje eleven sin motivasjon og meistring og skape den positive spiralen.

Vi kan fortsette med Bruheim sitt dikt:

Så hende det 
ein vakker dag
at alle ting fekk
eit anna lag.

Igjennom veggen
høyrde eg
at nokon tala
godt om meg.

Eg ville ikkje
lyde på,
men stilte meg
så lett på tå –

Og høyrde før
eg smeit meg ut;
”Han er så grei
og gild ein gut”

Eg kvakk litt til,
men vart så glad

då eg fekk høyre
kva dei sa. 

Eg gøymde meg
og stod og gret,
men alt ikring
vart ljost på let.

Og midt i gråten
tenkte eg,
at når dei trur
så godt om meg

Då skal eg jammen
syne dei
at eg kan vera
god og grei.

Dei godord gjorde
dagen bjart,
å du, kor hjartevarm
eg vart!

Eleven har eit ønske om å bli akseptert, godtatt og respektert. Det er ikkje alltid slik at eleven klarer å signalisere dette. Kan hende gir han heilt andre signal til lærar og medelevar.

Framsnakking

Kan det å framsnakke elevane og særleg elevar som har eit dårlig rykte i høve til åtferd, være med på å endre måten læraren og andre møter dei på?

Skolen trenger framsnakking, både av eleven og læraren. Vi trenger spesielt framsnakking av dei elevane som til stadigheit kjem ille ut, dei som alltid blir omtala i negative ordelag. Det er desse elevane som treng framsnakking mest. Kan dei noko meir enn å være uromoment, være uhøfleg, ikkje gjer lekser eller vandre i rommet? Alle elever kan noko, klarer noko og er gode til noko om dei får høve til å vise det. Så da blir det de vaksne sin oppgåve å finne desse områda og fram snakke dei i det offentlege rom, på lærarrommet, i klasserommet.

Kanskje er det viktig å heve vår kompetanse på elevane og dermed kunne framsnakke dei? Gjennom framsnakking kan vi skape positive forventningar og positive ringverknader i miljøet.

Tekst: førstelektor Grete Dalhaug Berg

 

Artikkelen er ein forkortet versjon av ein artikkel Grete Dalhaug Berg har skrive i boka Problemløsningsmodeller:

Berg, Grete Dalhaug (2015). «Eg må være slik dei trur eg er» – en refleksjon for læreren i møte med eleven. I: Problemløsningsmodeller. Erling Roland (red.) Oslo, Universitetsforlaget.

Lærer ved pulten til en smilende elev

Mange elevar bruker skoletida til å leve opp til forventningane dei møter, anten dei er positive eller negative.