MENY

Refleksjon om haldningar og praksis for betre inkludering

Den enkelte sin individuelle refleksjon kring tema som: "Kven er eg som lærar?" "Korleis vil eg verte oppfatta?" "Kva er mitt læringssyn?"

Ein måte å gjere det på er å syne tema for refleksjon gjennom ein modell. Ei stjerne som inneheld sentrale omgrep som kan danne grunnlag for refleksjonen kan vere ei god illustrasjon (se teikninga til venstre). Stjerna kviler på omgrepet haldningar, som eg meiner er det viktigaste i møte med eleven. Korleis vi tenkjer om eleven vi møter, er med på å forme vår haldning til eleven. Men det er vesentleg at vi er bevisst våre haldningar og kva konsekvensar desse haldningane har. Da må vi våge å tenkje tanken; kva tykkje eg om elevane?

Er du glad i barn?

Ein rektor ved ein stor skole i Malmø fortalde at ho hadde eitt spørsmål til dei lærarane som søkte jobb på skolen; er du glad i barn? Og kanskje kan det seiast så enkelt; er du glad i elevane dine?  Våre haldningar til elevene vert forma  både av eigne og andre sine opplevingar med elevane og til den informasjonen vi har om eleven. Kva tenkjer du om eleven? Ser du eleven slik han opptrer i klassa, eller ser du eleven ut frå den informasjonen du har fått om eleven. Alle slik tankar påverkar haldningane våre og dermed vår åtferd. Ein viktig faktor i den individuelle refleksjonen er å ta fatt i desse spørsmåla og finne svaret.

Så inneheld stjerna to andre omgrep som vi finn igjen i litteraturen om relasjonar, og det er respekt og forståelse. Det handlar om respekt for eleven og forståing av eleven sin tilvære. Respekt er utgangspunktet for en god relasjon og vi må gjere oss fortent til ein annan sin respekt. Når vi bruker tid på å reflektere over dette så gjev det oss ei bevisstheit om kva vi sjølv tenkjer og korleis vi handlar. Det er eit sentralt poeng i ein kvar læraroppgåve. Har du respekt for eleven? Vil eleven oppleve at du har det og syner du forståing for eleven sin situasjon? Har du forventningar til alle elevane?

Har alle menneske like mykje verdi?

Menneskeverd og likeverd er to andre omgrep i denne stjerna. Desse to omgrepa er kanskje dei som utfordrar den einskilde mest. Har alle menneske like mykje verdi?  Da tenkjer vi ofte dei store og høgtidelege tankane, men omgrepa er sentrale for  korleis vi møter et mangfald av elevar og foreldre. Har alle vi møter like mykje verdi? Har alle dei vi møter like mykje rett til ei likeverdig undervisning og læring? Klarer vi å skilje mellom person og handling?

Kva gjorde du da det gikk bra?

Refleksjon er det siste omgrepet. Eg meiner at refleksjon er viktig for å utvikle seg som lærer og menneske. Særlig kanskje det å ha fokus på kva vi gjorde når ting fungerte veldig bra i klasserommet. Kva gjorde vi da? Vi er som regel gode på å kunne si noe om det som ikkje fungerer og det som vi ikkje fikk til og den timen som var dårlig. Men dersom en spør læraren om den timen som fungerte veldig bra, så har læraren ofte vanskelig for å sei noko om kva han gjorde da. Eller når det er snakk om elever og dårlig åtferd så har vi fokus på dei dårlege dagane og timane og ikkje dei gode dagane og timane. Dersom vi ønskjer å bli betre som menneske og lærar, må vi rette blikket mot dei situasjonane der vi lukkast. Kva gjorde vi då?

Målsetting med dette er først og fremst at kvar og ein  skal reflektere over eigne haldningar, sitt pedagogiske ståsted, og være bevisst på at dei haldningane vi har er med på å styre vår åtferd.

Denne stjerna er ein måte å tenkje og reflektere på som eg har tro på kan hjelpe den einskilde til bevisste handlingar i møte med alle elevar. Kanskje kan den bidra til å forvente framgang og sette i gang ein positiv spiral for alle elevar si læring?

Tekst: førstelektor Grete Dalhaug Berg

 

Referanse

Berg, Grete Dalhaug (2015). «Eg må være slik dei trur eg er» – en refleksjon for læreren i møte med eleven. I: Problemløsningsmodeller. Erling Roland (red.) Oslo, Universitetsforlaget.

Stjerne med likeverd, menneskeverd, refleksjon som utgjør en trekant, og refleksjon, forståelse og respekt en annen.

Stjerna viser sentrale omgrep som kan danne grunnlag for refleksjon.