MENY

Analyse

I analyse av resultata frå sosiometriske kartlegginga ser ein både på individuelle fenomen som seier noko om korleis den enkelte elev plasserer seg i det sosiale kartet, og gruppefenomen som viser ulike typar relasjonar mellom elevane.

Individuelle fenomen

Sosiogram - individuelle fenomen

Einsidige val

Val frå ein elev til ein annan utan at eleven som er vald har valgt eleven tilbake. (Vist med grøn pil)

Gjensidig val

To elevar som vel kvarandre. (Vist med raud pil)

Stjerner

Elevar som har gjensidige val med mange andre elevar. (Elev 16)

Isolerte elevar

Elevar som ingen vel. (Elev 4, 6 og 24)

Særlege maktposisjonar

Ein elev som sjølv ikkje har mange gjensidige val, men er valt einsidig eller gjensidig med ein elev eller fleire elevar som er identifisert som stjerne. (Elev 19)

Gruppefenomen

Sosiogram over gruppeval

Inn- og utgrupper

Her ser på strukturen i heile klassa under eitt. Ein ser om det er fleire store grupperingar i klassen der det er få eller ingen val mellom gruppene, eller om det er ei stor gruppe og enkeltelevar som ikkje har val med nokon  i den store gruppa. I illustrasjonen er det få val mellom jenter (sirklar) og gutar (trekantar) slik at det er to store grupper i klassa. Slik deling mellom jenter og gutar er vanleg for visse aldersgrupper, og ein fortek seg såleis lite.
 
Finn ein slik klar deling i grupper, uavhengig av kjønn, er det noko som gir det  grunnlag for vidare analysar.

Subgrupper

Tre eller fleire elevar der alle elevane i subgruppa har valt dei andre i gruppa. Der ei subgruppe kan delast i mindre subgrupper, vert størst mogleg subgruppe registrert. Til dømes vil fire elevar som vel kvarandre gjensidig òg utgjere to grupper av tre elevar som vel kvarandre. Her vert berre firargruppa registrert.

Kjeder

Sosiogram - kjeder

Elev A vel elev B som vel elev C som vel elev D der dei to næraste elevane gjensidig vel kvarandre utan at vala går tilbake til ein elev fleire gangar. Minimum fire elvar inngår i ei kjede og legst mogleg kjede vert registrert. (Mellom elev 7 og elev 12).

Sirklar

Sosiogram - sirklar

Kjeder av gjensidige val av fire eller fleire elevar der kjeda går tilbake til første elev. (Elev 8, 14, 17, 6, 7, 12 og 8)

Øyer

Sosiogram - øyer

Grupper av elevar som gjensidig vel kvarandre, men der elevane ikkje har val med nokon utanom gruppa og utan at andre vel medlemmer av gruppa. (Elev 8, 14, 12 og 17)

Tekst: professor Sigrun K. Ertesvåg.