MENY

Datainnhenting

Utgangspunktet for sosiogram er data frå gruppemedlemmene som svarar på spørsmål.

Eksempel på spørsmål kan vere:

  • Kven i klassa vil du ha som din(e) beste ven(er)?
  • Tenk deg at de skal arbeide saman i grupper på fire i eit prosjekt om andre verdskrigen i samfunnsfag. Kven tre av elevane i klassa du no går i ville du aller helst arbeide saman med? 
  • Tenk deg at de skulle danne nye klasser. Kven frå klassa du no går i ville du ha med i ei ny klasse? 
  • Kven vil du vere saman med i friminuttet? 

Spørsmålsformuleringa bør vere så realistisk som mogleg og kan vere knytt til andre fagområde, friminuttsituasjonar, venskap og så vidare.

Det har vore hevda at elevane så langt som mogleg bør få vala innfridd (Jenkins, 1959 her frå Balson, 1996). Det er grunn til å vere forsiktig med dette. Nokre relasjonar kan vere uheldige både for dei involverte og/eller for klassa sett under eitt. Ein må difor vere forsiktig om å gi førehandslovnad til elevane om å innfri eit visst tal eller alle vala.

Positive nominasjonar

Spørsmåla over er døme på den «positive nominasjonar»-teknikken: positiv fordi du spør etter kven ein vil vere saman med, ha som ven, eller ha med i ny klasse. Når ein ber elevane om å nominere eit visst tal av medelevar, til dømes tre, vert teknikken skildra som «bestemt positiv nominasjonar».

Negative nominasjonar

Enkelte forskarar tilrår bruk av negative spørsmål for å avdekke negative emosjonar mellom elevane. Eit døme kunne vere «kva tre personar vil du ikkje arbeide saman med i eit prosjektarbeid om andre verdskrig i samfunnsfag?». Dette er eit døme på «bestemt negativ nominasjonar». Negativ nominering er omdiskutert, sjølv om det ikkje er uvanleg å nytte det, òg her i landet.

Det kan likevel vere grunn til å frårå å nytte negative nominasjonar. Farmer og Cairnes (1991) fann i ein studie at
elevane vegra seg for nominere negative nominasjonar. Det er eit viktig argument for å ikkje nytte negativ nominasjonar. Like viktig er det at sjølv om elevane er fullt klar over at det er sympatiar så vel som antipatiar mellom enkelt elevar og grupper av elevar, er det noko ganske anna at vaksne viser aksept for antipatiar ved å etterspørje dei.

Sjølv om ein misser noko informasjon ved å berre etterspørje positive nominasjonar, er det ikkje tilrådeleg å nytte negative nominasjonar.

Anonymitet

Elevane må sikrast anonymitet ved at ingen utanom læraren, og eventuelt andre vaksne det er naudsynt å dele informasjonen med, får kjennskap til vala einskildelevar gjer. Elevar bør heller ikkje få kjennskap til strukturen i klassa sjølv om dette vert framstilt anonymisert. Dette mellom anna for å unngå spekulasjonar om kven som ikkje er valde og kven som er mest populære.