MENY

Gjennomføring av sosiometrisk kartlegging

Gjennomføring av sosiometriske kartleggingar er verken særleg vanskelege eller tidkrevjande.

Kva ein stiller spørsmål om og korleis ein stiller spørsmåla har samanheng med føremålet med kartlegginga. Om ein ynskjer å avdekke venskapsstrukturen i ei klasse, bør ein stille spørsmål om kven elevane vil ha som beste ven(er).
 
Ynskjer ein å avdekkje kven elevane vil arbeid saman med i grupper knytt til fagleg eller sosial aktivitet, kan ein
spørje om kven ein vil arbeide saman med i denne spesifikke aktiviteten. Andre alternativ kan vere knytt til leik, kven ein vil vere saman med i friminutt osv. For trinn der elevane kan lese og skrive tilstrekkeleg kan ein gjennomføre kartlegginga ved hjelp av spørjeskjema der dei aktuelle spørsmåla er sett opp.
 
På dei lågaste trinna bør ein innhente informasjon gjennom intervju med kvar einskild elev. Arbeidet vert då meir tidkrevjande, men sikrar at elevane forstår spørsmåla og gir informasjon i samsvar med desse. Ved å stille fleire spørsmål til elevane samstundes kan ein få eit meir utfyllande bilete av relasjonane mellom elevane. Til dømes kan det vere slik at elevar har ulike sosial posisjon dersom ein samanliknar preferansar som ven og preferansar for fagleg aktivitet.

Sosiogram

Eit døme på dette er elev 24 som i illustrasjonen av veneval ikkje har nokon val, medan illustrasjonen av gruppeval viser at fire elevar har preferanse for han som samarbeidspart i gruppeaktivitet knytt til samfunnsfag. Den faglege kompetansen til ein elev har, kan såleis gjere han populær som samarbeidspart.

Tekst: professor Sigrun K. Ertesvåg.