MENY

Praktiske vurderingar

Når ein granskar venskapsrelasjonar bør ein la elevane nemne så mange eller få elevar dei ynskjer. Ser ein på studiar av venskapsval varierer talet på vener elevar nominerer når dei sjølve får bestemme kor mange dei vil nominere.

Talet på nominasjonar varierer med alder, til dømes valde elevar på 8. trinn 2,1 medelevar i snitt (Ertesvåg, 2002), altså færre enn tre som gjerne nyttar når spørsmålet er knytt til kven ein vil arbeide saman med i grupper i ein sosial eller fagleg aktivitet.

Ved å be elevane om å nominere tre medelevar som ein ynskjer som ven kan ein såleis få eit kunstig tett netteverk at venskapsrelasjonar og såleis eit upresist bilete av dei sosiale relasjonane i klassa. Ved gransking av gruppe- relasjonar kan ein derimot med fordel avgrense talet på val til det naturlege for den gitte aktiviteten. 

Dersom spørsmåla er knytt til fagleg aktivitet der elevane skal arbeide saman i grupper på fire, er det naturleg å be elevane nemne dei tre dei ynskjer å arbeide saman med.
 
Det kan vere tenleg å gi elevane ei liste med namnet på alle elevane i klassa, dette kan vere med på å «minne» elevane på kven som er i klassa og kven ein kan velje. Ei slik liste vil òg skape meir ro i kartleggingssituasjonen då elevane ikkje treng sjå seg rundt i klassa for å «hugse» kven ein kan velje.

Av praktiske grunnar kan ein erstatte namna med tal når ein gjennomfører kartlegginga, dette har særleg vore nytta når sosiometrisk kartlegging er nytta i forsking. Det kan vere praktisk òg når ein nyttar kartlegginga i praksis, mellom anna når ein skal visualisere relasjonane i eit sosiogram. Sjølvsagt kan læraren då sjølv erstatte namn med nummer.?

Tekst: professor Sigrun K. Ertesvåg