MENY

Sosiometrisk matrise

Når vi har alle dataa frå elevane, er neste steg å lage ein oversiktstabell (matrise) over vala deira. Det gjer vi ved å sette opp ein tabell.

Vi har sett opp alle elevane med tall frå 1 til 24 både i første kolonne og i første rad. Det gir grunnlag for å gi ei oversikt over både einsidige val og gjensidige val.

Vi startar med å fylle ut vala for elev 1 til 3. Der ser vi at elev 1 har valt elev 3, elev 14 og elev 24. Det er angitt i raden som angir elev 1 med ein horisontal strek.
 
I den siste kolonnen gir vi tal val eleven har gjort. I dette tilfellet er elevane bedne om å oppgi tre elevar dei vil jobbe saman med i fagleg aktivitet. Vi kunne vente det sto 3 i alle radene. Elev 2 har berre gjort to val. Det er eksempel på at elevane, sjølv om de er bedt om å velje fleire, vel færre. Dermed er det angitt med talet 2 i siste kolonne.

Så kan vi fylle ut alle vala for elevane. Dette gir oss ei oversikt over alle einsidige val som elevane har gjort.

I den siste kolonnen varierer det frå 0 til 3. 0 er dei elevane som ikkje var til stades, og ikkje gjorde val. Nokre har gitt berre to val, sjølv om dei blei bedne om tre.

I nest nedste rad, kan vi    telje val elevane har mottatt.

Elev 1 i kolonne 1 har to val. Han er valt av elev 6 og 9. Tilsvarande har elev 2 fire val frå elev 13, 19, 21 og 24.
Slik kan vi bortover sjå alle vala elevane har mottatt. Vi  ser at det varierer frå 0 (elev 4, elev 6 og elev 9) til 5 (elev 3).

Det er fleire elevar som har fem val. I ei klasse på 24 elevar er fem val mykje.

Nå skal vi sjå på gjensidige val

Vi ser på rad 1 igjen. Elev 1 har valt elev 3, 14 og 24. ingen av desse har valt elev 1. Det betyr at alle vala til elev 1 er einsidige. Her angir vi framleis vala til elev 1 med ein horisontal strek.

Vi ser at elev 2 har valt 13 og 21. Vi ser at elev 13 har valt elev 2. Det har og elev 21 gjort. Det betyr at begge vala elev 2 har gjort, er gjensidige. Det angir vi med en loddrett strek som gjer at elev 2 får angitt to gjensidige val, med elev 13 og 21.

På same måte fyller vi inn alle gjensidige.

Tal i nedste raden gjensidige val. Elev 1 har mottatt to val, men ingen gjensidige. Dei elevane som har valt elev nummer 1 har ikkje elev 1 valt.

Elev 2 hadde mottatt fire val, og to av dei var gjensidige. Slik får vi oversikt over einsidige og gjensidige val.

Vi får oversikt over val elevane har fått totalt, og vi har en oversikt over kor mange gjensidige val kvar elev har. Dette gir grunnlag for i neste omgang å setje opp eit sosiogram.

Tekst: professor Sigrun K. Ertesvåg