MENY

Tolking

Informasjon frå sosiometrisk kartlegging åleine gir ikkje tilstrekkeleg grunnlag for å sette inn tiltak.

Resultata vert tolka i lys av teori og studiar av kva konsekvensar ulike sosiale posisjonar og strukturar har for grupper av elevar i tilsvarande aldersgruppe. Generelt gir dette grunnlag for å tolke informasjonen.
 
I tillegg kan ein sjå resultata i lys av andre typar sosiometrisk kartlegging og dei usystematiske observasjonane læraren gjer dagleg. Dette er eit viktig supplement i tolking av kartlegging når denne skal nyttast i vidare tiltaksarbeid. Gjennom ytterlegare observasjon, elevsamtalar/intervju og drøfting i klassa kan ein kartlegge relasjonar, og på bakgrunn av dette sette inn tiltak for å styrke eller endre relasjonar mellom elevar i klassa.
 
Dette kan vere eit omfattande arbeid som skil seg frå klasse til klasse og kan vere avhengig av om arbeidet er førebyggande eller ut frå eit identifisert problem. Kva tiltak ein vel er avhengig av kva problem kartlegginga avdekkjer.

Uavhengig av formål med kartlegginga er det nødvendig med generell kunnskap om grunnlaget for relasjonar mellom elevar (sjå til dømes Ertesvåg, 1999).
 
Det er grunn til å peike på avgrensingane i metoden. Sosiometrisk kartlegging gir eit bilete av relasjonsstrukturen på eit gitt tidspunkt og for den  aktiviteten spørsmålet er knytt til. Det er difor viktig å understreke at ein ikkje kan tolke resultata utover dei spørsmåla som vert stilt. Ein måte å i møtekome desse avgrensingane på er å stille fleire spørsmål. Ofte nyttar ein spørsmål om venskap og om fagleg aktivitet slik det er vist til under datagrunnlag.?

Tekst: professor Sigrun K. Ertesvåg.