MENY

Tolvte mann på laget

– Er du ein lagspelar på laget til barnet ditt, er du 12. mann på laget?

I fotball er supporterane 12. mann på laget som kan avgjere om heimelaget vinn. Likeins kan foreldra vere 12. mann på laget i ei skuleklasse og vere avgjerande for læringsmiljøet.

Dei fleste foreldre, og lærarar, har gode erfaringar med samarbeid om skulekvardagen. I ein studie av kollega Elsa Westergård rapporterte 90 prosent av foreldra å har gode erfaringar med samarbeidet med skulen. Men gode erfaringar, betyr det at ein er involvert og spelar på same laget?

Foreldre er ein ressurs i ei klasse, både for den einskilde eleven og for gruppa. Avgjerande er det då at foreldre og lærarar spelar på same lag. Auka innflytelse frå foreldra gjer at læringsmiljøet vert betre, elevane trivest betre og det faglige utbytte til elevane aukar. Foreldra har óg utbytte av å vere involvert gjennom å få betre innsikt i skulen og det som føregår der. Elsa Westergård peikar på at fokuset i samarbeid mellom heim og skule bør vere vel så mykje på livet i klasseromet som på kommunikasjonen mellom foreldre og lærarar.

Samstundes kan foreldra vere støtte for kvarandre som foreldre. Klassiske tema er: når gjere lekser, kor mykje lommepengar og ikkje minst utetider. Slike drøftingar kan vere nyttig hjelp når poden skal teste grensene i heimen: dei andre får vere ute mykje lengre enn eg, eller får mykje meir lommepengar. Gjennom felles praksis på område som dette kan foreldre vere til hjelp for kvarandre og samstundes skape tryggleik for barna.

Skulen på si side har ansvar for å utvikle rutinar for livet i skulen. Rutinar som kanskje ikkje samsvarar med det ein er van med heimanfrå. Samfunnet er mangfaldig, og vi har ulike tankar om korleis ein bør oppføre seg og vi har ulike erfaringar. Som 6-åringen som saman med klassa sette seg i lesekroken i siste time. Då læraren viste fram boka, røyste han seg og gjekk mot døra. Læraren spurte forundra kvar han skulle og han svara: Eg går heim, eg har lese boka før.

Frå barnehagen var han van med at hadde ein lest boka, kunne ein gjere noko anna. Læraren hadde ikkje etablert nye, felles rutinar for høgtlesing i lesekroken. I ei klasse er det kanskje 30 elevar med ulik standard for kva som er akseptabelt. Skal ein utvikle eit godt læringsmiljø i ei klasse, er det då viktig å skape eit fellesskap der ein tek omsyn til mangfaldet. Her vil det vere naturleg med felles drøftingar mellom foreldre og lærarane om kva det er viktig at skulen legg vekt på, kva standardar ein skal fremme.

Som forelder er ein kanskje ikkje samd i standardane, eller opplever dei til og med meiningslause. Med stort mangfald i samfunnet i dag kan det vere vanskeleg å verte samde om kva verdiar ein skal fremme. I skulen skal ein vise respekt for ulike verdiar, samstundes har skulen eit ansvar for å tydeleg sette standardar for kva som ikkje er akseptabelt, som mobbing eller rasisme. Foreldre og lærarar må saman forhalde seg til dette, også når ein kanskje er usamd.

Då er det tid for å leite fram lagspelaren i seg. Kva skjer ved middagsbordet når barnet ditt oppgitt fortel om den håplause læraren som seier dei ikkje får ha mobilen på skulen? Bekreftar du oppfattinga barnet har av læraren som håplaus, eller utfordrar du og spør om læraren har forklart kvifor det er slik. Er du ein lagspelar på laget til barnet ditt? Er du 12. mann på laget?

Faksimile frå Stavanger Aftenblad.

Teksten er skriven av Sigrun K. Ertesvåg, od stod på trykk i Stavanger Aftenblad 25. mai 2012.