Elevane vert introduserer til programmet ved skulestart til hausten. Målet med forankringsseminaret er å introdusere prosjektgruppene ved den einskilde skule for arbeidet og særleg det lokale forankringssarbeidet kvar skule gjennomfører i løpet av vårsemesteret. Gruppene fekk såleis ein kort introduksjon til programmet, vart kjende med arbeidsmåtar i programmet og starta prosessen med identifisere mål, utfordringar og føresetnadar for å lukkast med arbeidet. I neste omgang skal ein tilsvarande prosess i personalet ved kva einskild skule legge grunnlag for at skulane kanutvikle mål for eige arbeid og ein plan for arbeidet i tråd med prinsippa i programmet.
Å delta i Respekt inneber eit målrette arbeid for å førebygge og redusere problemåtferd og styrke læringsmiljøet. Kursdagane i tilknyting til programmet og det oppfølgingsarbeidet personalet gjer mellom kursa vil vere retta mot dette arbeidet. Samstundes veit vi frå både nasjonal og internasjonal forsking at dersom ein skal lukkast med dette arbeidet over lengre tid, også etter at programperioden er over, må ein jobbe systematisk med vidareutvikling av skulen som organisasjon. Forankringsseminaret rettar fokuset mot denne delen av arbeidet i programmet dels ved å setje fokus å endringsprosessen skulen må setje i gang, og dels ved å fokusere på arbeidsmetodar og organisering som lettar dette arbeidet. Gjennom seminaret vart det såleis både gitt faglege innspel frå Pål Roland og Sigrun K. Ertesvåg frå Senter for atferdsforsking (SAF) og det var gruppedrøftingar med utgangspunkt i den einskilde skule.
Det er femte året med Respekt i Trondheim og dermed den femte skulegruppa som tek til. Alle dei nye Respekt skulane i Trondheim har elevar på 1.-7.trinn. Pål og Sigrun vil saman med Grete Sørensen Vaaland utgjere SAF sitt team som saman med rettleiarane frå Trondheim Kommune, med Erlend Moen i spissen, har ansvar for Respekt for Trondheimsskulane som startar i 2011.
Les meir om forankringsarbeidet og endringsprosessen i programmet i heftet ”Implementering av skuleomfattande arbeid”






