MENY

Stillaste jenta i klassa

Kronikk av Sigrun K. Ertesvåg om stille barn.

Eg hugsar henne så vel, den stille jenta som nærast var usynleg i klasseromet. Som aldri frivillig snakka i timen. Som gjekk for seg sjølv i friminuttet eller som sat stille ved sidan av oss å prøvde å sjå ut som ho var del av gjengen. I dag er eg viss på at ho ikkje hadde det «fint», sjølv om det var svaret når nokon ein sjeldan gang spurte. Mange gangar har eg tenkt på om eg hadde gjort noko annleis den gangen dersom eg viste det eg i dag veit om stille, tilbaketrekte born.

Å vere stille og tilbaketrekt treng ikkje vere eit problem, dei fleste av oss opplever å vere tilbakehaldne i ulike situasjonar, utan at vi definerar det som eit problem. Snarare er det i nokon situasjonar naturleg å vere tilbakehalden, som når vi vurderar nye situasjonar før vi kastar oss ut i dei. Nokon av oss er derimot så engstelege, kjenner seg så einsame eller er så urolege for kva som kan skje at det medfører store vanskar i kvardagen. Då vert det å vere stille noko vi ikkje kan oversjå. Mange jenter, men også gutar, er så stille at det hemmar læring og utvikling, og dei får ikkje fullt utbytte verken av skule eller fritid.

Å vere stille er særleg skadeleg for barn og unge. Nær kontakt med vener og medelevar er nødvendig for å inngå, utvikle og oppretthalde positive sosiale relasjonar som er viktige for å utvikle seg som menneske. Den stille jenta som går åleine eller sit stille ved sidan av dei andre utan å eigentleg delta, går glipp av dette. Av muligheitene dette gir til å inngå venskap og utvikle sosiale ferdigheiter som gjer at ho meistrar ulike situasjonar. Både forsking og erfaring viser at stille barn ikkje nødvendigvis er utan vener, men venskap stille barn inngår, er ofte mindre robuste enn venskap andre barn inngår.

Ei rekkje studiar viser òg at stille barn, oftare enn andre, er avvist av medelevar. I tillegg opplever stille elevar, i mindre grad enn andre, gode relasjonar til lærarane sine. Kombinasjonen av å vere avvist av medelevar og utan gode relasjonar til lærarane gjer dei ekstra sårbare for negative handlingar frå medelevar, til dømes mobbing. Årsakene veit vi mindre om, vert jenta stille fordi ho vert mobba, eller vert ho meir utsett for mobbing fordi ho er stille? Det har vi enno ikkje fullgode svar på, men det tydar på at det kan vere begge deler, og at dei kanskje forsterkar kvarandre. Sjølvsagt vil det å verte systematisk mobba over lang tid føre til skade.

Til domes kan ein trekke seg tilbake og som eit forsvar prøve å forklare vener og sosiale situasjonar som uviktige. Då går ho glipp av arenaer der ho skal utvikle relasjonar, teste ut eigne meiningar og grenser, lære å ta ansvar, vise empati og finne ut kven ho er. Ho går glipp av å utvikle heilt nødvendig ferdigheiter for å fungere i samfunnet. Ofte har stille elevar behov for å trene sosiale ferdigheiter for å kunne ta igjen det tapte. Dette er kanskje det vanlegaste tiltaket, om dei i det heile får noko tiltak.

Truleg er det likevel ikkje rett stad å starte. Eg ville starta med å finne ut korleis ho opplever det å vere stille og tilbaketrekt. Kva ho treng av hjelp frå meg til å bryte den negative utviklinga. Vise interesse. Eg ville først finne ut korleis ho har det og ville ikkje nøye meg med «Fint, det går bra».

 

Tekst: Sigrun K. Ertesvåg