MENY

71 barnehagar klare for Agderprosjektet

Totalt 71 barnehagar, med 82 førskulegrupper, på Agder er påmeldt til det store forskings- og utviklingsprosjektet Agderprosjektet.

Barn som leker sammen i en barnehage. Illustrasjonsbilde i Agderprosjektet. 82 førskulegrupper på Agder er klare for Agderprosjektet.

Agderprosjektet har som mål å utvikle meir kunnskap om kva som er viktig for femåringane i overgangen frå barnehage til skule.

Snart oppstart

I prosjektet skal det utviklast eit førskuleopplegg basert på «leikbasert læring». Dette førskuleopplegget gir blant anna femåringane meir tid saman med dei vaksne i barnehagen.

Halvparten av barnehagane som deltek, skal ta i bruk førskuleopplegget. Barna i desse barnehagane vil bli samanlikna med barna frå dei andre barnehagane, som held fram som tidlegare.

71 barnehagar med til saman 82 førskulegrupper er til nå påmeldt i prosjektet.

– Vi er nøgde med at alle desse barnehagane vil vere med. Nå gler vi oss til å komme i gang med samarbeidet for alvor, seier universitetslektor Svanaug Lunde ved Læringsmiljøsenteret.

Barnehagelærarar i fokusgruppa får vidareutdanning i barnehageåret 20152016. Vidare vil førskuleopplegget bli gjennomført i barnehagane i 20162017, mens barnehagane i samanlikningsgruppa mottar vidareutdanning og materiell i 20172018.

Leikbasert læring

I prosjektet skal eit førskuleopplegg utviklast og testast. Målet er å bidra til at barn har eit læringsgrunnlag som er meir likt og betre ved skulestart. Det pedagogiske fundamentet er leikbasert læring (playful learning).

Kjerneområder i førskuleopplegget er:

  • sosial kompetanse
  • sjølvregulering
  • språk
  • matematikk

Barnehagar på Agder skal være med på å utvikle og prøve ut førskuleopplegget.

UiS logo