MENY

Språk og åtferd heng saman

Når barn lærer å forstå og bruka ord, så lærer det samtidig korleis orda vert bruka i ulike sosiale samanhengar. Det språklege og det sosiale vert vevd inn i kvarandre heilt frå den begynnande språklege utviklinga.

Barn og barnehageansatte sitter på gulvet og snakker. Som oftast vert ein ikkje merksam på språkvanskane hos barn med åtferdsvanskar utan ved ei spesiell kartlegging av språkmeistring.

Det vil seie at utvikling av språkmeistring kan ein og sjå på som ein integrert del av mellommenneskeleg interaksjon, og at bruk av språket såleis vert ein del av den sosiale konteksten. Samspelet mellom barn og omsorgspersonar (og seinare mellom barn og barn), er avgjerande for læring av sosiale spelereglar og korleis ein brukar språket i ulike situasjonar.

Kan få alvorlege følgjer

For dei fleste barn føregår denne vellukka samspelsutviklinga mest som av seg sjølv, men for nokre barn vert det ikkje slik. Det kan vera at det er ulike faktorar både hos barnet og hos barnet sine omsorgspersonar som kan føra til at det vert brot i det kommunikative samspelet. Dersom det vert svikt i dette tidlege samspelet kan det få alvorlege følgjer for barnet si seinare språklege, sosiale og generelle utvikling (St.mld. 16 (20072007); Vedeler, 2007).

Dette er eigentleg svært urovekkjande då funn frå nyare forsking tyder på at det er grunn til å rekna med at barn med språkvanskar utgjer ei risikogruppe for å utvikla vanskar med sosial utvikling (Botting og Conti-Ramsden, 2009), og at barn med åtferdsvanskar kan ha eit underliggjande språkproblem, skjulte språkvanskar (Benner, Nelson og Epstein, 2002; Cantwell og Baker, 1991).

Som oftast vert ein ikkje merksam på språkvanskane hos barn med åtferdsvanskar utan ved ei spesiell kartlegging av språkmeistring. Dette kan ha samaheng med at uttalevanskar ikkje er ein del av språkproblemet og at det til dømes  kan vera langt meir krevjande å verta merksam på språkforståingsproblem hos barn (Løge 1999). Språkforståing og språkproduksjon synes å vera mest kritisk for den sosiale deltakinga (Bishop, 2014; Cantwell og Baker, 1987).

Oppfølgingsstudier tyder og på at åtferdsvanskar hos barn som har språkvanskar kan vara ved, og verta eit karakteristisk trekk hos desse barna lenge etter at dei har vunne over språkvanskane (Clegg, Hollis, Mawhood og Rutter, 2005).

Vurdert å vera mindre populære

Ulike studier av barn som har språkvansker har vist at desse barna ofte vert vurderte til å vera mindre populære, mindre smarte, mindre attraktive, meir utrygge, meir usympatiske og meir merkverdige enn barn med aldersadekvat språkutvikling. Denne type vurderingar finn ein både hos jamaldringar og hos det pedagogiske personalet (Rice, Hadley og Alexander, 1993).

Det kritiske med denne type vurderingar hos det pedagogiske personalet er at det  truleg også kan påverka dei forventningane som personalet har til desse barna, og det kan igjen føra til at dei utfordringane som barna vert møtt med kan verta langt under barna sin problemløysingskapasitet.

Sjølv om det i den tidlege utviklinga er tydelege teikn til samanheng, er det ein tendens til at den språklege og sosiale utviklinga vert omtala kvar for seg, både innan forsking, i lærebøker og innan praktisk pedagogisk arbeid. Utfordringa vert å endra på dette, ved å  utvikla bevissthet, kompetanse og tiltak som vert retta mot samanhengen mellom desse områda.

 

Tekst: førsteamanuensis Inger Kristine Løge

 

Referansar

Benner, J. G., Nelson, J. R. og Epstein, M. H. (2002). Language skills of children with EDB: A literature review. Journal of Emotional & Behavioral Disorders, 10, 43–57.

Bishop, D.V. M. (2014). Uncommon Understanding. Development and disorders od language comprehension in children, Classic Edition. London: Psychology Press

Botting, N. og Conti-Ramsden, G. (2000). Social and behavioural difficulties in children with SLI. Child Language Teaching and Therapy, 16 (2),105–120.

Cantwell, D. P. og Baker, L. (1991). Psychiatric and Developmental Disorders in Children with Communication Disorder. Washington, D. C.: American Psychiatric Press.

Cantwell, D. P. og Baker, L. (1987). Clinical significance of childhood communication disorders: Perspectives from a longitudinal study. Journal of Child Neurology,2 (4), 257–264.

Clegg, J., Hollis, C., Mawhood, L. og Rutter, M (2005). Developmental language disorders – A follow – Up in later adult life. Cognitive, Language, and Psychosocial Outcomes. Journal of Child Psychology and Psychiatry. 46(2), 128–149.

Kunnskapsdepartementet (2006). St.meld. nr. 16 (2006–2007) …Og ingen stod igjen. Tidlig innsats for livslang læring. Oslo: Kunnskapsdepartementet

Løge, I. K. (1999). Språkleg medvit hos barn med språk- og talevanskar. Oslo: Det utdanningsvitenskapelige fakultet, Universitetet i Oslo.

Rice, M.L.; Hadley, P. A. og Alexander, A. L. (1993). Social biases toward children with speech and language impairments: A corrlative causal model of language limitations. Applied Psycholinguistics, 14, 445–471.

Vedeler, L. (2007). Sosial mestring i barnegrupper. Oslo: Universitetsforlaget.