MENY

Ny bok om implementering

Gode tiltak er lite verdt om ein ikkje veit korleis ein skal omsette og innføre dei i organisasjonen. Til no har det mangla samanfattande norsk litteratur om implementering som tema.

Endringsarbeid skjer i tre fasar: initiering, implementering og videreføring. Implementering er prosessen kor teoriar, aktivitetar og strukturar vert tilpassa, konkretisert og innført til praksisfeltet. I implementeringsfasen handlar det om å sette i verk tiltak for endring.

Temaet implementering har dei siste åra fått meir merksemd, mykje grunna behovet for å sjå på korleis individ og organisasjonar omformar, lærer og innfører ulike endringar.

«Kva» og «korleis» er like viktig

I ulike typar endringsarbeid har «kva» som må gjerast (intervensjonen) fått mykje merksemd, medan det har vore mindre snakk om «korleis» det skal gjerast (implementering). Begge delar må ha like stort fokus, om ein ønsker å oppnå endringar individuelt eller i organisasjonar.

– I skulen ser vi at lærarar som regel har teoretisk kunnskap om «kva» som kjenneteiknar ein god klasseleiar og «kva» som må til for å etablere god kommunikasjon med alle foreldre. Like viktig er kunnskapen om «korleis» denne teorien kan bli omset til praksis, seier førsteamanuensis Elsa Westergård.

Ho har redigert boka «Implementering: Omsetting av teorier, aktiviteter og strukturer i praksis» saman med dosent Pål Roland.

– Sjølv om ein intervensjon i utgangspunktet er god, har det liten effekt viss det ikkje er god kvalitet på implementeringa. Det er viktig at ein driv kollektive prosessar i organisasjonen som vektlegg omsettinga frå teori til praksis, seier dosent Pål Roland.

Boka er skriven for utdanningsforskarar, masterstudentar, skuleleigarar og lærarar. Teorien og metodikken som vert presentert kan nyttast på mange områder innan pedagogikk. I boka vert implementering knytt til omgrep som implementeringskvalitet, kollektiv orientering, kapasitet, klasseleiing, skulekultur, skulevegring og foreldresamarbeid.

Teorien er gjort meir tilgjengeleg ved at den er kopla til praksis. I tillegg er det til sist i boka eit appendiks med metodikk, seier Roland.

Forsking om implementering

Roland og Westergård er med i forskingsgruppa for innovasjon ved Læringsmiljøsenteret. Gruppa har arbeida med forsking på implementering i meir enn ti år, og dei som bidrar med kapittel i boka har tilknyting til forskargruppa eller Læringsmiljøsenteret.

 I denne boka samlar me forsking frå denne forskargruppa og knyter det til ny internasjonal forsking, seier Roland.

Boka utgjer òg ein del av teorigrunnlaget for CIESL, eit forskingsprosjekt støtta av Forskningsrådet, som mellom anna ser på korleis lærarar omset teori om klasseleiing til klasseromspraksis.

 

Les også

 

Referanse

Roland, P. & Westergård, E (red) (2015). Implementering: Omsetting av teorier, aktiviteter og strukturer i praksis. Oslo: Universitetsforlaget.

Forsiden på boka Implementering. Å omsette teorier, aktiviteter og strukturer i praksis.

Boka Implementering. Å omsette teorier, aktiviteter og strukturer i praksis er redigert av Elsa Westergård og Pål Roland.