MENY

Klasseromsorganisering, emosjonell støtte og læringsstøtte

Klasseromsorganisering

Klasseromsorganisering omfattar korleis tid vert utnytta best mogleg og korleis problemåtferd vert møtt i klasseromet (Allen et al. 2013; Evertson & Weinstein, 2006; Pianta et al. 2012).

Dette området har to formål. For det første å etablere og oppretthalde eit arbeidsmiljø prega av struktur og orden som gir elevane høve til å konsentrere seg om meiningsfull fagleg aktivitet. I tillegg har det som mål å styrke elevane si sosiale og moralske utvikling.

Emosjonell støtte

Emosjonell støtte uttrykt gjennom positive og støttande relasjonar mellom elevar og lærar, og mellom elevar, er sentralt for å lykkast i utøving av lærarrolla (Durlak, Weissberg, Dymnicki, Taylor, & Schellinger, 2011; Hamre & Pianta, 2005). Gode relasjonar til kvar einskild elev, og klassa, er ein grunnmur for arbeidet med utvikling av støttande læringsmiljø.

Læringsstøtte

Læringsstøtte omfattar å legge til rette for at elevar kan utnytte kunnskap dei alt har tileigna seg samstundes som ein vektlegg å støtte utvikling av meir komplekse ferdigheter hos elevane (Davis & Miyake, 2004; Vygotsky, 1991).

Lærarar som er dyktige i læringsstøtte tar i bruk varierte læringsformer for å stimulere elevane si læring. Dette omfattar mellom anna støtte til å utvikle djup forståing for fagstoffet gjennom refleksjon, diskusjon, tilbakemelding frå læraren og frå medelevar.

Andre aspekt ved læringsstøtte er utvikling av metakognitive ferdigheiter, å vere medviten korleis ein sjølv tenkjer i læringssituasjonar, forstå eigne tankeprosessar og setje ord på eiga læring.

Dette er avgjerande for elevar si faglege utvikling (Veenman, Kok, & Blote, 2005). Til eldre elevane vert, til meir sentral vert utvikling av analytisk tenking for at elevane skal kunne utnytte læringspotensialet sitt. Lærarar som nyttar strategiar som vektlegg tenking om eiga tenking hos elevane, gir konsistent, presis og prosessorientert tilbakemelding til rett tid (Hattie & Timperley, 2007).

Læringsstøtte omhandlar generell støtte læraren kan gi og som er uavhengig av fag kva ein underviser. Ei rekkje studiar viser samanheng mellom desse typande læringsfremmande interaksjon og elevar si faglege læring (t.d. Allen et al. 2013).

 

Referansar

Allen, J., Gregory, A., Mikami, A., Lunm J., Hamre, B. & Pianta, R. (2013). Observations of Effective Teacher-Student Interactionsin Secondary School Classrooms: Predicting Student Achievement With Classroom Assessment Scoring Stytem-Secondary. School Psychology Review. 42(1), 7698.

Davis, E. A. & Miyake, N. (2004). Explorations of Scaffolding in Complex Classroom Systems. Journal of the Learning Sciences, 13(3), 265272.

Domitrovich, C. E., Bradshaw, C. P., Poduska, J. M., Hoagwood, K., Buckley, J. A., Olin, S. & Ialongo, N. S. (2008). Maximizing the Implemenaion Quality of Evidence-Based Preventive Interventions in Schools: A Conceptual Framework. Advances in School Mental Health Promotion, 1(3), 628.

Durlak, J. A., Weissberg, R. P., Dymnicki, A. B., Taylor, R. D. & Schellinger, K. B. (2011). The impact of enhancing students'social and emotional learning: A meta-analysis of school-based universal interventions. Child Development, 82(1), 405432.

Evertson, C. M., & Weinstein, C. S. (2006). Classroom Management as a Field of Inquiry Handbook of classroom management: Research, practice, and contemporary issues. (pp. 315). Mahwah, NJ US: Lawrence Erlbaum Associates Publishers.

Fullan, M. (2007). The New Meaning of Educational Change (4th ed.). New York Routledge. Teacher College Press.

Hamre, B. K., & Pianta, R. C. (2005). Can instructional and emotional support in the first grade classroom make a difference for children at risk of school failure? Child development, 76(5), 949967.

Hattie, J., & Timperley, H. (2007). The power of feedback. Review of educational research, 77(1), 81112

Pianta, R. C., Hamre, B. K. & Mintz, S. (2012). Classroom Assessment Scoring System – Secondary. Charlottevill, VA: Teachstone.

Schleicher, A. (2011). Lessons from the World on Effective Teaching and Learning Environments. Journal of Teacher Education, 62(2), 202221.

Stoll, L. (2009). Capacity Building for School Improvement or Creating Capacity for Learning? A Changing Landscape. Journal of educational change, 10, 115127.

Veenman, M. V., Kok, R. & Blote, A. W. (2005). The relation between intellectual and metacognitive skills in early adolescence. Instructional Science, 33(3), 193211.

Vygotsky, L. S. (1991). Genesis of the higher mental functions Learning to think (pp. 32-41). Florence, KY: Taylor & Frances/Routledge; US.

Wubbels, T. (2011). An International Perspective on Classroom Management: What Should Prospective Teachers Learn? Teaching Education, 22(2), 113131.