MENY

Når barnet ditt mobbar, treng det hjelp

Sjølv om det i første omgang kanskje ikkje synes opplagt treng også elevar som mobbar andre hjelp.

Mobbaren treng også hjelp Mobbaren treng hjelp

Mange vil hjelpe offera for mobbing, og slik skal det vere. Om dei som utset andre for mobbing, tenkjer ein gjerne at ein berre kan be dei om å skjerpe seg. Ein kan ikkje ta meir feil. Ringer skulen og fortel at barnet ditt mobbar andre, kan det verste du gjer vere å nekte for at det er tilfelle.

Det skriv professor Sigrun K. Ertesvåg i denne kronikken der temaet tek utgangspunkt i funn frå den første vitskaplege artikkelen som er publisert i CIESL-prosjektet. Kronikken vart publisert i Stavanger Aftenblad 31. oktober 2016.