MENY

CIESL-prosjektet presentert på ICSEI-konferansen

Under den årlege konferansen International Congress for School Effectiveness and School Improvement (ICSEI) tidlegare i januar heldt prosjektleiar Sigrun K. Ertesvåg, den første internasjonale presentasjonen av CIESL-prosjektet.

Bilde frå opninga på konferansen med ICESi-logo og eit kor på scena.

Årets konferanse, som var lagt til Cincinnati i USA, samla praktikarar og forskarar frå heile verda til ei veke med presentasjon og drøfting av den nyaste forskinga knytt til skuleutvikling. Sigrun K. Ertesvåg deltok med to presentasjonar som direkte eller indirekte var knytt til CIESL-prosjektet.

Gode diskusjonar

Førebels har vi lite data i CIESL-prosjektet som er analysert og kan presenterast, men det er mange andre sider ved prosjektet som er viktig å trekke fram og drøfte med andre forskarar. Som eit av fleire innlegg i ein sesjon med fokus på ulike metodiske utfordringar presenterte og drøfta vi sterke og svake sider ved bruk av elevar og lærarar sine rapportar om klasseleiing, og observasjonar i gransking av klasseleiing.

Alle datainnsamlingsmetodar har styrkar og svakheiter. Å lyssette desse og drøfte dei med kollegaer er ein viktig del av forskingsarbeidet vi gjer i prosjektet og som bidreg til kvalitet i forskinga. Konferansar som denne muligheit til å gjere prosjektet kjent internasjonalt og bidra til å knyte kontaktar som kan bidra til å styrke forskinga i prosjektet ytterlegare.

Presenterte måleinstrument for kartlegging av leiing

Den andre presentasjonen hadde ikkje  direkte utgangspunkt i CIESL-prosjektet. Med utgangspunkt arbeid i Constance Oterkiil sin doktorgrad presenterte vi utvikling av eit måleinstrument for kartlegging av leiing i skular som deltek i intervensjonar. Dette måleinstrumentet er nytta også i CIESL-prosjektet, og vi fekk såleis høve til å introdusere prosjektet også i denne presentasjonen.

Innspel frå andre forskarar

Andre forskarar sine presentasjonar gir også nyttige og interessante innspel til forskinga i CIESL. I år var Professor Robert Marzzano, sentral forskar på klasseleiing og skuleutvikling, ein av hovudtalarane på konferansen.

Thomas L. Good som har mange artiklar og bøker om lærar- elevrelasjonar, åleine og saman med til dømes Jere Brophy, hadde eit svært interessant hovudinnlegg der han mellom anna oppsummerte forskingsfronten innan forsking på lærar-elevinteraksjon og samanhengen dette har med elevane sitt faglege og sosiale læringsutbytte. Dette innlegget er høgst aktuelt for arbeidet  i CIESL.

Ein annan forskar som vi har hatt kontakt med gjennom fleire år, Louise Stoll hadde også fleire interessante innlegg om profesjonelle læringsfellesskap. Likeeins deltok Andy Hargreaves for å nemne nokre.

 

Tekst: professor Sigrun K. Ertesvåg