MENY

Dei første CIESL-resultata

Masterstudentane i spesialpedagogikk har presentert sine studiar, mellom dei er tre av studentane som har skrive masteroppgåve i tilknyting til CIESL-prosjektet. Med det er dei første resultat i prosjektet presentert offentleg. Elevar sitt perspektiv på klasseleiing er sentrale i alle tre oppgåvene.

Masterstudentar sit rundt bordet og diskuterer klasseleiing. Nokre av studentane på Utdanningsvitskap profil spesialpedagogikk har skrive masteroppgåve i tilknyting til CIESL-prosjektet.

Masterstudentane Sissel Furuly Unsvåg, Mona Nordvoll og Anette Utsola har intervjua elevar på ungdomstrinnet om ulike utfordringar dei kan stå overfor og korleis lærarane gjennom god klasseleiing kan bidra til å redusere utfordringane. Dei tre studia har eit fellestrekk i at elevane så tydleg skildrar at relasjonen til lærarane er avgjerande for fagleg og sosial læring.

Sosial kompetanse viktig også på ungdomstrinnet

Tema for Sissel Furuly Unsvåg si masteroppgåve er korleis, og i kva grad, sosial kompetanse er innlemma i skulekvardagen. Vidare har ho vore opptatt av korleis elevane tenkjer skulen kan legge til rette for arbeid med utviklinga til elevane.

I presentasjonen av funna viste Sissel til at elevane tydelege peika på behovet for den sosiale opplæringa og at sosial kompetanse bør vektleggast sterkare i ungdomsskulen. Opplæringa bør vere meir systematisk og målretta.

Elevane opplevde at det ofte var tilfeldig og for sjeldan at sosiale aspekt var i fokus og at  utvikling av sosial kompetanse i liten grad var integrert i den ordinære undervisninga. Eit interessant funn er at elevane var særleg opptatt av sårbare elevar og at det var behov for å til rette legge sterkare for elevar med ulike utfordringar, samstundes er dette noko alle har behov for å utvikle.

Elevane viste også til at det var markert skilnad mellom arbeidet med sosial kompetanse på ungdomstrinnet, samanlikna med det dei hadde opplevd på barnetrinnet. Samstundes vektla dei at behovet var like stort på ungdomstrinnet med alle utfordringane elevane opplevde.

Elevane viste òg til at lærarane vektla det sosiale arbeidet ulikt, og at det var særleg «når noko stod på» at det vart merksemd på det. Ungdommane opplevde at læraren spelar ei viktig rolle for den sosiale utviklinga, særleg gjennom korleis læraren møter den einskilde eleven.

Dette opplevde elevane hadde betydning både for den fagelege og sosiale  utviklinga. Som ein av elevane uttrykte det: «Vi høyrer meir på ein lærar som bryr seg om korleis vi har det». Sissel samanfatta at funna hennar i all hovudsak samanfell med det vi kan sjå i teori og forskingslitteratur om sosial kompetanse og klasseleiing. Studiar som gjerne bygg på større spøreskjemaundersøkingar.

Kva kan læraren gjere? Ingenting

Presentasjonane held fram med Mona Nordvoll sitt innlegg der ho såg på samanhengen mellom proaktiv aggresjon og stress hos jenter på ungdomstrinnet og korleis dei ynskjer at lærarane skal intervenere. Mona starta med å vise til at proaktiv aggresjon er eit omgrep som ikkje er del av daglegtalen og som elevar, og andre, kan ha vanskar med å forstå.

Ho hadde difor i intervjua nytta omgrepet «bitching» og nytta eit kasus som innleia intervjua for å gi elevane innsikt i tematikken ho ville ha informasjon om. Elevane hadde skremande god innsikt i tematikken. Alle informantane opplevde situasjonane som aktuelle og hadde erfaring med liknande situasjonar, utan at det nødvendigvis var eigne erfaringar. Gjennomgåande viste elevane også til stort press og stress. Press for å vere vellykka, pen, vere med på dei rette aktivitetane og vere god i dei, vere godt likt osv.

Mona hadde ikkje proaktivt aggressive elevar som informantar, men spurte elevane om dei trudde at dei proaktiv aggressive (bitchene) var stressa. Elevane meinte at dei sannsynlegvis var endå meir stressa enn dei sjølve, fordi dei heile tida måtte planegge neste trekk, passe på posisjonen sin, skape splid når nokon trua posisjonen, oppfylle eigne krav , og andre sine krav,  heile tida vere på vakt med redsle for å tape posisjon i gruppa.

På spørsmål om kva læraren kan gjere var svaret: Ingenting. Det er kanskje det mest interessante funnet i  studien. Elevane forklarte dette med at lærarane ikkje forstår spelet mellom jentene, dei veit ikkje kva dei skal sjå etter og  ser ikkje signala på at noko er gale. Dei manglar kunnskap. Elevane viste også til at dei opplevde at lærarane ikkje brydde seg.

Lærarane seier at elevane skal kome til dei, skal seie frå når noko er ugreitt, men dei viser det motsette i handling. Elevane viste til tilfelle der dei opplevde å verte avvist når dei hadde prøvd å be om hjelp  ved at lærarane hadde sagt dei ikkje hadde tid, skulle på vakt, at det ikkje var deira oppgåve å ordne opp eller liknande.

Mona stiller spørsmål om det er lettare å snu ryggen til når ein opplever å ikkje vite kva ein skal gjere, ikkje ha nok kunnskap eller veit at dette vert tidkrevjande. Likevel hadde elevane eit godt råd til lærarane: Viss du er usikker på kva som føregår: spør!

Den gode læraren kjenner meg

Anette Utsola har i si masteroppgåve sett nærare på korleis elevane opplever tre sentrale områder innan klasseleiing: klasseromsorganisering, emosjonell støtte og læringsstøtte. Relasjonen mellom lærar og elevar er sentral for at elevane trivs og for fagleg utvikling. Anette ba elevane gi råd til ein lærar som skulle starte med ei ny klasse om korleis han kan arbeide for å skape eit godt og trygt klassemiljø for heile klassa, og kva læraren bør gjere for at den einskilde elev skal trives.

Eit interessant funn er kor tydelege elevane var på at det er viktig at læraren viser interesse for elevane, samstundes er elevane tydelege på behovet for rutinar og strukturar. Likevel er elevane klare på at rutinar, reglar og standardar må vere forståelege for elevane. Reglar og rutinar som dei ikkje forstår har ingen effekt.

Når elevar lagar uro og forstyrrar undervisninga  må det få konsekvensar, fordi det øydelegg for andre. Elevane vektlegg at lærarane må vere varme, inkluderande og personleg engasjerte i elevane, men samstundes konsekvente  i oppfølging av reglar og rutinar i klasseromet. Samstundes er elevane samstemte i at det er viktig at elevane kan snakke med læraren viss dei har problem. Elevane ynskjer lærarar som engasjerer seg i elevane og korleis elevane har det på skulen og heime.

Resultata i Anette sin studie illustrert tydeleg at elevane opplever ein klar samanheng mellom relasjonen dei har til læraren, kor motivert dei er for fagleg aktivitet og læringsutbytte dei har. Ein av elevane illustrerer dette ærleg:

Noen [lærere] er alt for strenge. Da er det ikke så gøy å følge med. Da mister jeg lysten til å følge med i det hele tatt. Hvis de er alt for strenge eller slemme eller veldig strenge. Da vil jeg heller plage dem litt og fortsetter med å ikke følge med, for at de skal bli litt irriterte eller bare for å plage dem.Da lærer jeg jo ikke skikkelig.

Alle tre masteroppgåvene vert tilgjengeleg når sensuren har falle. Vi kjem til bake med informasjon om dette.

 

Tekst: professor Sigrun K. Ertesvåg

 

Les også