MENY

Erfaringar på tvers av prosjekt

Deler av CIESL-prosjektet deltok på arbeidsseminar for å dele erfaringar og lufte idear med forskarar frå tre andre prosjekt.

  • Seks forskarar diskuterer rundt bordet.
    Forskarar frå fire prosjekt har ein del felles erfaringar samt ein del å lære av kvarandre.
  • Pål Roland snakkar til dei andre forskarane som sit rundt bordet.
    Dosent Pål Roland om implementering.
  • Sigrun K. Ertesvåg presenterer CIESL-prosjektet.
    Prosjektleiar Sigrun K. Ertesvåg håpar på fleire samarbeidsmøter av denne typen.

Senter for profesjonalisering ved Høgskolen i Telemark inviterte for to veker sidan til workshop. Senteret arbeidar for å betre profesjonsutdanningar og profesjonsfeltet, og famnar lærar-, barnehagelærar- og helse- og  sosialfagprofesjonane.

Fleire fellestrekk

Målet med arbeidsseminaret var å utveksle erfaringar og å diskutere synergiar og moglegheiter knytt til pågåande forskingsprosjekt. Dei fire prosjekta som deltok, ProV, TST, BIFALL og CIESL, er alle relatert til læring og prosessar med endring.

Prosjektet Teacher Support Teams (TST) ved Høgkolen i Buskerud og Vestfold handlar om rettleiingsgrupper kor kollegaer deler og diskuterer saker knytt til endringspraksis. Forskingsspørsmålet er kva som kjenneteiknar desse samtalane, og i kor stor grad dei bidreg til betre undervisningskvalitet. Datainnsamlinga i prosjektet har fleire fellestrekk med den i CIESL. Begge prosjekta nyttar ulike typar datainnsamling som videoobservasjon, loggar, spørjeundersøking og gruppeintervju.

Avstand mellom teori og praksis

Felles for fleire av prosjekta er òg at dei opererer i den vanskelege overgangen mellom teori og praksis. Medan CIESL ser på korleis lærarar nyttar det dei kan om klasseleiing i praksis, undersøker prosjektet PROV (ProV - Profesjonsutvikling gjennom Veiledning) kva som hemmar og  fremjar læring, og kva som skal til for at teori blir ein del av det man snakkar om i praksiserfaring.

Prosjektet BIFALL har utgangspunkt i at pedagogiske  leiarar i barnehagar ofte manglar fagleg autoritet, og har nytta rettleiingsmøter kor pedagogiske leiarar får rolla som rettleiarar for sin medarbeidarar. Resultata er at akademisk omgrep er lite nytta i barnehagen. Dette er nokre av dei same problemstilling CIESL arbeidar med. Gjennom intervju søker prosjektet å lære meir blant anna om korleis lærarar stiller seg å lese teori og fagstoff.

Håpar på meir utveksling

Workshopen blei gjennomført ved Høgskolen i Telemark campus Porsgrunn, som er partnar i CIESL-prosjektet. Prosjektleiar Sigrun K. Ertesvåg meiner det er nyttig å dele og drøfte metodologi, faglig innhald og dokumentasjon med forskarar frå andre prosjekt.

– Eg eg vonar vi kan få fleire slike treff seinare når vi har enno fleire resultat å dele, seier ho.