MENY

Første CIESL-artikkel til vurdering

Dei første CIESL-resultata blir snart publisert i eit tidsskrift nær deg. Stipendiat Ksenia Solheim har saman med to andre i prosjektet skrive om lærarar si læring av klasseleiing.

Det siste året har det vore iherdig datainnsamling og analyseverksemd i CIESL-prosjektet. Framover kjem dei vitskaplege artiklane på løypande band. Først ut er ein studie av korleis ungdomskulelærarar utviklar eiga klasseleiing.

Først ut

Studien, kalt Secondary school teachers' reports on classroom management learning, har som mål å bidra til forståing av korleis lærarar lærer klasseromleiing gjennom den nasjonale satsinga Ungdomstrinn i utvikling.

Totalt 40 norske ungdomsskulelærarar har svara på kva dei legg i omgrepet klasseleiing, og dei skildrar korleis dei vidareutviklar ulike sider ved klasseleiing gjennom refleksjonar kring ein situasjon der dei opplever å ha lært noko.

Diskusjonen i artikkelen byggjer på to hovudretningar: Professor Jan Vermunt sitt perspektiv på samanhengen mellom læring hjå lærarar og elevar si læring, og Pianta si tredeling med klasseromorganisering, emosjonell støtte og instruksjonsstøtte.

Artikkelen er den første i doktorgradsavhandlinga til stipendiat Ksenia Solheim. Professor og prosjektleiar i CIESL-prosjektet, Sigrun K. Ertesvåg og førstelektor Grete Dalhaug Berg er medforfattarar.

Artikkelen er sendt til eit internasjonalt vitskapleg tidsskrift. Vurderingsprosessen kan vere lang og det kan ta tid før resultata vert offentleg. Likevel er det ein milepæl når første artikkel  i prosjektet er sendt, som viser at prosjektet no er over i fasen kor ein kan presenterer resultat.

Den første av mange

Samstundes som data vert analysert og publisert i artiklar, held CIESL-forskarane fram med å samle inn data gjennom spørjeundersøkingar, loggar, intervju og videoobservasjonar.

Fleire andre artiklar som ser på om ulike grupper av elevar opplever lærarane si klasseleiing ulikt, er like om hjørnet.

Ksenia Solheim, stipendiat i CIESL-prosjektet.

Stipendiat Ksenia Solheim (bildet) er førsteforfattar på den første vitskaplege artikkelen i CIESL-prosjektet. Fleire andre artiklar er og sende til vurdering.