MENY

Heidra for framifrå forsking

Prosjektleiar i CIESL-prosjektet, Sigrun K. Ertesvåg, får Lyses forskningspris for 2014. Prisen er inspirasjon til å halde trykket på klasseleiingsforsking.

Grethe Høiland og Sigrun K. Ertesvåg. Konsernsjef i Lyse, Grethe Høiland (tv), overrekte Lyses forskningspris for 2014 til professor Sigrun K. Ertesvåg på Universitetet i Stavanger sin årsfest 29.oktober.

Lyses forskingspris vert delt ut til forskarar som det siste året har utmerka seg med vitskapleg arbeid på nasjonalt eller internasjonalt nivå.

Fortsatt høgt trykk på CIESL

Ertesvåg har lang erfaring frå forsking innan klasseleiing og mobbing. No leiar ho forskingsprosjektet CIESL (Classroom interaction for enhanced student learning).

Prosjektet er i ein fase kor dei første forskingsresultata snart vert offentlege. Ertesvåg har ikkje tenkt å kvile på laurbæra.

– Prisen er inspirasjon til å halde oppe det høge trykket, seier ho.

Med prisen fylgjer merksemd, anerkjenning og synleggjering av forskingsområda.

– Det er stas at forskinga på Læringsmiljøsenteret vert verdsatt, og det er ei ære for dei mange dyktige forskarane og heile teamet i vid forstand, seier ho.

– Spele på eit godt lag

Juryen viser til at Ertesvåg er ein lagspelar som systematisk arbeidar for å gjere andre gode, og at ho nyttar anledningar til å bygge opp forskingskompetanse hos mindre erfarne kollegaer.

Sjølv understrekar ho at nøkkelen til suksess er å skaffe seg eit godt lag.

– På senteret er det mange gode kollegaer, og vi utnyttar dei resursane me har. Det handlar om teamet i vid forstand. For å bli god må du ha eit godt lag, seier ho.

Ertesvåg har høg forskingsproduksjon og var i fjor den forskaren med flest forskingspoeng ved Humanistisk fakultet. Juryen trekker spesielt fram to artiklar som vart publisert i fjor. Her kjem det mellom anna fram det er store skilnadar i førekomsten av mobbing mellom norske skular. Samstundes tyder studien på at skular med mest mobbing ikkje har føresetnadar for å lykkast i arbeidet mot mobbing og gi hjelpa elevane treng.

Desse forskingsresultata er òg sentrale i NOU 2015:2 som mellom anna handlar om førebygging av mobbing.

Forutan å leie CIESL-prosjektet, undervise og rettleie master- og doktorgradsstudentar, leiar ho Forskargruppa for innovasjon ved Læringsmiljøsenteret.

Om Lyses forskingspris

Lyses forskingspris er satt opp for å fremme framifrå forsking, samt utvikling av strategiske forskingsområde og gode fagmiljø. Prisen, som består av diplom og 50.000 kroner, vart overrekt av konserndirektør i Lyse, Grethe Høiland, på Universitetet i Stavanger sin årsfest 29. oktober.

Professorane Erling Roland og Thormod Idsøe ved senteret fekk prisen for 2001.

 

Les også