MENY

Ny postdoktor i CIESL-prosjektet

Trude Havik er tilsett som postdoktor i CIESL-prosjektet. Ho har ansvar for datainnsamling frå spørjeundersøking for elevar og lærarar, og skal primært publisere på ulike data i dei tre åra ho er tilsett.

Havik starta i stillinga 1. april, men har tidlegare jobba på timebasis i prosjektet. Ho kjenner prosjektet godt og gler seg til arbeidet.

Særleg gler ho seg til å vera ein del av eit større prosjekt med mange dyktige kollegaer, til å lære meir om klasseleiing, avanserte analysar av data og til fortsatt å få skrive mange vitskapelege artiklar.

Det er eit spennande prosjekt som har fokus på korleis teori om klasseleiing vert overført til praksis. Det som er mest interessant er å sjå korleis endringar hos lærarar i praksis påverkar elevane sitt utbytte. Skulen er der for elevane, og arbeidet i skulen må komme elevane til gode fagleg, sosialt og mentalt, men det føresett dyktige lærarar i praksis, seier ho.

CIESL-prosjektet samlar data blant anna gjennom spørjeundersøkingar og video av lærar i klasserommet. Analysar av spørjeundersøkingar blant elevane er det første Havik skal jobbe med. Første artikkel vil sjå på korleis elevars rapportering av akademiske og emosjonelle støtte frå lærar opplevast ulikt blant ulike elevgrupper, slik som meir og mindre passive elever.

Frå skulevegring til klasseleiing

Havik kjem frå stillinga som stipendiat ved Læringsmiljøsenteret, kor ho skreiv doktorgraden sin om skulevegring.

– Det å ta en doktorgrad handlar først og fremst om å lære å forske, seier postdoktoren. 

– No skal eg få lov til verkeleg å bruke noko av det eg har lært desse åra, til å gå i dybden og å skrive enno fleire vitskapelege artiklar, men denne gongen om eit anna, men parallelt fagområde, der også klasseleiing er eit viktig førebyggande tiltak mot skulefråvær.

Trude Havik

Trude Havik starta som postdoktor i CIESL-prosjektet 1.april.