MENY

Om å stille opne spørsmål

Denne filmen frå ein vanleg norsktime i niande klasse viser korleis læraren nyttar opne spørsmål for å oppmuntra elevane til utforske og sette ord på eigne tankar.

Filmsnutten er frå ein ordinær undervisningstime i norsk på 9. trinn, altså utan manus og regi. Klassa har på dette tidspunktet arbeidd fleire timar med biletboka Glassklokken av Bjørn Arild Ersland og illustrert av Lilian Brøgger.

Bruk av filmar i CIESL

I CIESL-prosjektet har vi gjort opptak i ei rekkje klasserom. Målet med desse filmane er tosidig.

Først og fremst vert desse filmane brukt som datamateriale for å få meir kunnskap om lærarar sin interaksjon med elevane. Filmane vert då skåra etter med observasjonsverktyet CLASS.

I tillegg vil vi bruke utvalde filmar til å illustrere korleis lærarar nyttar klasseleiingsferdigheiter for å bidra til elevane si læring. Dette er klipp der lærarar, elevar og føresette har gitt særskilt samtykke til at filmane vert nytta til dette formålet.

Døme på strategiar for læring

Vi har så vidt byrja å sjå nøyare på videomateriellet, og det er mange døme på strategiar lærar nyttar for å  fremme læring hos elevane. Eit døme korleis ein kan stille opne spørsmål som gjer at elevane må tenkje, fundere og reflektere. Det kan vere ei utfordring å stille spørsmål som verkeleg oppmuntrar elevane til å utforske eigne tankar og ikkje minst sette ord på dette ideane og tankane.

Klippet ovanfor illustrerer korleis læraren stiller spørsmål som gir rom for refleksjon over eige arbeid hos eleven, og som bidreg til ytterlegare forståing for fagstoffet dei arbeider med. Dette gjer læraren ved å stille ei rekkje opne spørsmål til eleven som gjer at eleven må reflektere over sin eigen presentasjon og slik hjelper læraren eleven, og dei andre elevane, til djupar forståing for fagstoffet dei arbeider med. Sekvensen i klippet er ein del av ei økt der læraren mellom anna evaluerer kva elevane har lært av det fagstoffet som har vore målet med arbeidet med Glassklokken.

Eit klipp som dette kan gi utgangspunkt for refleksjon både for enkeltlærarar og for drøftingar mellom kollegaer. Ein nyttar då eit klipp som dette som eit av fleire klipp som illustrere ulike former for læringsstøtte som læraren kan gi.

Last ned døme på spørsmål til refleksjon her (pdf).

Klippet vil inngå i ei samling kort klipp som illustrerer ulike sider av dei tre områda innan klasseleiing, emosjonell støtte, klasseromsorganisering og læringsstøtte.

 

Tekst: professor Sigrun K. Ertesvåg