MENY

Sigrun K. Ertesvåg er ny professor II i Volda

Prosjektleiar i CIESL, professor Sigrun K. Ertesvåg, har nyleg starta som professor II ved Høgskulen i Volda. Vi lurte på kva ein professor II er, og kva han eller ho gjer, og tok ein prat med Sigrun om dette.

Professor Sigrun K. Ertesvår ved Læringsmiljøsenteret mottok Lyses forskningspris i 2015. Sigrun K. Ertesvåg (t.h.) har gjennom fleire år vore ein produktiv forskar. Ho fekk Lyses forskingspris for 2014 grunna samfunnsaktuell forsking knytt til mobbing og klasseleiing. (Foto: Asbjørn Jensen)

Kva er ein professor II? 

– Ei professor II-stilling er ei vitskapleg bistilling, altså ei stilling ein har i tillegg til sin vanlege jobb, og kan utgjere inntil 20 prosent. Ein nyttar ofte slike stillingar når universitet og høgskular vil knyte til seg spesialkompetanse frå personar som har si hovudstilling ein annan stad, eller vil styrke samarbeidet med andre fagmiljø, fortel professor Sigrun K. Ertesvåg.

Ved Læringsmiljøsenteret har vi fleire professor II-stillingar. Mellom anna vil Mar­ja-Kris­tii­na Lerk­ka­nen frå Universitetet i Jyväskulä, som leiar den forskargruppa i Europa som har mest erfaring med observasjonsverktyet CLASS, vere professor II ved senteret dei neste to åra.

– Ei målsetting med dette er at vi skal trekke vekslar på erfaringane ho og hennar kollegaer har med observasjonsstudiar i vårt forskingsarbeid, seier Sigrun. 

Kva skal du gjere som professor II i Volda?

– Eit uttalt mål med professor II-ordninga er å fremme fagleg utveksling mellom institusjonane, det er det eg først og fremst skal bidra med. Eg skal dele av forskarkompetansen min, seier Sigrun.

Etter å ha leia forskargruppa for innovasjonsarbeid ved Læringsmiljøsenteret i ti år og vore prosjektleiar for mange små og store forskingsprosjekt i fleire år, har ho erfaringar med både leiing og gjennomføring av forsking som andre kan ha nytte av i utvikling av eiga forsking.

– Vi har gjort oss mange erfaringar både i forskargruppa og i prosjektgruppa i CIESL, som vi gjerne deler. Samstundes har vi i CIESL hatt samarbeid med forskarar i Volda, som deltek i RespMath-prosjektet, fortel ho.

I slutten av september arrangerte desse to prosjekta, og to andre forskingsprosjekt finansiert av Forskingsrådet, ein workshop om systematisk observasjon i pedagogisk forsking. Deltakarane var frå store delar av Europa, der dei aller fleste nyttar eller planlegg å nytte, CLASS i forskinga si. Planen er å jobbe meir saman med dei som deltok, for å styrke arbeidet med bruk av observasjon i klasseromsforsking.  

– Kanskje kan eg òg bidra med litt venleg masing om systematisk jobbing mot å kvalifisere seg enten det er til førstelektor, ph.d.-grad, dosent eller professor for dei det er aktuelt for. Det er lett at tankar om eiga karriereutvikling vert nedprioritert når kvardagen med undervisning og rettleiing truar med å ta overhand. Då kan det vere lett å gløyme, både for den einskilde og for leiarar, at den einskilde si karriereutvikling òg er viktig for å vidareutvikle kompetansen til institusjonen, seier Sigrun.

Har CIESL-prosjektet noko nytte av at du har denne bistillinga?

– Det er kanskje litt tidleg å svare inngåande på det, men eg trur då det. Først og fremst opplever eg at det er inspirerande og nyttig å møte andre forskarar i tillegg til dei eg går saman med i det daglege. Under mitt første besøk i Volda fekk eg innsikt i ein del av dei mange spennande prosjekta som er i gang der, eller er i ferd med å sette i gang. Det vert veldig spennande å fylgje desse prosjekta frå sidelina. Det mest openberre nytten for CIESL er at vi har kollegaer i Volda som også nyttar ungdomsversjonen av CLASS, og vi vil nyte godt av drøftingar og ytterlegare samarbeid med dei. Samstundes skjer det mykje anna interessant i Volda. Eg veit ikkje heilt kva enno, men ein ting er eg viss på og det er at det er overhengande fare for at eg lærer mykje nytt eg kan ta med tilbake til Læringsmiljøsenteret, avsluttar ho.