MENY

Tid for andre spørjeskjemaundersøkinga

I april er det tid for andre spørjeskjemaundersøkinga i prosjektet CIESL – Klasseleiing teori til praksis for den første gruppa av skular i prosjektet. Portalen for undersøkinga vil halde ope til 8. mai.

bilde av spørjeskjema

Den første spørjeskjemaundersøkinga vart gjennomført  sist haust og den tredje og siste vil vere i januar 2016 når deltakinga i Ungdomstrinn i utvikling er avslutta for denne gruppa.

Alle lærarar og elevar ved skulane deltek i spørjeskjemaundersøkinga og dette er såleis den delen av forskingsprosjektet som omfattar flest. Informasjon om den praktiske gjennomføringa vert sendt skulane denne veka.

Spørjeskjemaene er ein svært viktig del av prosjektet, då dei kan gi oss kunnskap om korleis lærarar og elevar ser på ulike sider ved klasseleiing og  forhold i skulen som er relevante for utvikling av klasseleiing. At vi gjennomfører same undersøking fleire gangar gjer også at vi kan sjå på utvikling over tid, i dette tilfelle i den perioden skulen deltek i Ungdomstrinn i utvikling.

Kva vil vi finne ut?

Vi er interessert i ulike spørsmål knytt til klasseleiing, mellom anna om ulike grupper elevar, til dømes stille elevar eller elevar som vert utsett for mobbing,  opplever klasseleiing ulikt og i tilfelle korleis. Dette kan gi kunnskap som gjer at vi kan målrette klasseleiinga til ulike grupper elevar.

Noko av det vi er opptatt av å granske nærare i spørjeskjema til lærarane er om det er faktorar i skulen som organisasjon som kan styrke eller svekke lærarane sitt arbeid med vidareutvikling av klasseleiing. Her vil vi utvikle kunnskap som ikkje berre er relevant for vidareutvikling av klasseleiing, men som er relevant for utvikling av skular også på ei rekkje andre områder.  Eit spørsmål vi ynskjer å meir kunnskap om er kva samanhengar det er mellom visse sider ved organisasjonen  og lærarane si muligheiter for vidareutvikling. Kunnskap som vil verte nytta for å forbetre etter- og vidareutviklingstilbod til lærarar.

Kva skal vi bruke resultata til?

Spørjeskjemaundersøkingar er viktige for å få kunnskap om korleis mange lærarar og elevar ser på ulike sider av livet i skulen. Observasjonane, intervjua og loggane som nokre av lærarane og elevane deltek i, gir oss ein meir detaljert kunnskap om  nokre sider ved klasseleiing og lærarane si vidareutvikling av denne, basert på eit mindre utval lærarar og elevar. Når spørjeskjema i tillegg gir oss muligheit til å seie noko om korleis lærarar og elevar flest ser på dette, får vi eit breitt bilde av situasjonen i skulen og kva som skal til for å vidareutvikle skulane.