MENY

Om barn med utfordringar

Sidan 2005 er prosjektet Dei utfordrande barna gjennomført i ti Rogalands-kommunar. Boka "Barn i utfordrinngar" inneheld både forsking og praksiseksempel frå prosjektet.

I 2005 tok Fylkesmannen i Rogaland initiativ til prosjektet Dei utfordrande barna. Målet var å avdekka, hjelpa og førebyggja psykososiale vanskar hos barn. Barn i alderen fire til åtte år har vore målgruppa i prosjektet, og det har vore fokus på overgangen frå barnehage til skule og SFO. Læringsmiljøsenteret har hatt det faglege ansvaret for prosjektet.

Forsking og praksiseksempel

Boka skil seg frå andre bøker i det at den kombinerer forsking og praksishistorier. Her kan ein lese om korleis det er jobba med «Oliver», guten som har innvandrarbakgrunn og som blei oppfatta som ein uttolmodig rebell, og om aggressive «Anita» som slit med relasjonar både til vaksne og andre barn.

– Det er ulike grunnar til at ein opplever barn som utfordrande. Praksishistoriene er døme på ulik type problematikk ein kan møte som tilsett i skule eller barnehage. Eit mål med historiene å vise at årsakene til utfordringane kan ligge i ulike system, seier førsteamenunsis Hildegunn Fandrem ved Læringsmiljøsenteret, som er redaktør for boka saman med professor Otto Laurits Fuglestad.

I boka kan ein lese korleis det blei arbeida med sakene, og kva erfaringar deltagarane gjorde.

– Me ser at mange har arbeida veldig godt med sakene, og i dei fleste sakene går det mykje betre, seier Fandrem.

Refleksjon og kollegarettleiing

Prosjektet De utfordrende barna har vore gjennomført i tre prosjektperiodar, kvar på to år. I kvar runde har tilsette i barnehage, skule, PP-teneste, helseteneste og kommuneleiing frå fire kommunar deltatt. Samlingane har starta med fagleg innlegg frå senteret og det var satt av tid til refleksjon.

– Vi har blitt bevisstgjort på at når det blir gitt god tid til refleksjon, tenker de gjennom problemstillingane på ein anna måte. Refleksjon betyr mykje for kunnskapsutvikling. Det er ikkje vi som fagpersonar som aleine sit med svaret, men praksis og teori går hand i hand, seier Fandrem.

På kvar av samlingane la ein av deltakarane fram ein vanskeleg sak. Det har vore saker både med både barn med aggressiv åtferd, innadvende barn og barn som slit med relasjonar til andre barn eller vaksne.

Sakene blei så diskutert i rettleiingsgruppa, og vegsøkar fekk tips og innspel til korleis ein kunne jobba vidare med saka tilbake i kommunen. Det var viktig at den som skulle arbeida med saka, var bevisste på at det måtte gjerast på systemnivå.

– Etter diskusjonen var ein komen vidare i saken, og i tillegg var det utvikla kompetanse slik at deltakarane står sterkare i arbeidet med andre saker, seier Fandrem.

– Barna ikkje problemet

Fandrem understrekar at vridinga frå prosjektnamnet De utfordrende barn til boknamnet «Barn i utfordring» er bevisst.

– Det er ikkje nødvendigvis barna i seg sjølve som er problemet. Problema er komplekse, og ofte er det ting utanfor barna som må endrast, seier Fandrem.

Dersom ein omtaler barna som vanskelege eller seier at dei er «barn med vanskar» påverkar det korleis ein arbeidar med sakene.

– Det handlar òg for eksempel om korleis dei vaksne ser på seg sjølve. Sjølv om barna har medfødde trekk, blir dei påverka av dei vaksne rundt seg. Kor vidt ein eigenskap ein er genetisk disponert for blir utvikla, avheng av konteksten, seier Fandrem.

Dei siste åra har det utvikla seg ei ny retning når det gjeld å forklare åtferdsproblem. Retninga, som vert kalla epigenetikk, er meir opptatt av at miljøet påverkar åtferda. Her viser ein til at genar er formbare, og miljøet rundt ein person kan aktivere eller deaktivere genar som til dømes gjer at han eller ho er disponert for aggressiv åtferd.

Barn som blir oppfatta som utfordrande og vanskelege kan ofte hjelpast ved at forhold rundt barnet blir endra. Det handlar om å tenkje system og sjå heilheita, meiner Fandrem.

– For eksempel for Oliver kan det vera grunnar utanfor han sjølve som gjer at han oppfører seg som han gjer. I tillegg handlar ikkje alltid problema om det dei gjer seg ut for å vera. For eksempel kan eit utagerande problem òg handle om språkproblem, seier Fandrem.

I tillegg til Fandrem og Fuglestad, bidrar førsteamanuensisane Inger Kristine Løge, Pål Roland og Elsa Westergård, alle tilsette ved Læringsmiljøsenteret, i boka.