MENY

Medarbeidarar i Respekt

Professor Erling Roland er prosjektleiar for Respektprogrammet. Han har vore sentral i utviklinga og utprøvinga av programmet. Han har skrevet ei rekkje artiklar og bøker om ulike former for åtferdsvanskar, samt om førebygging og tiltak.

Førstelektor Grete Sørensen Vaaland har deltatt i utviklinga og gjennomføringa av fleire skuleutviklingsprogram. Arbeidsområda hennar er blant anna klasseleiing og problemåtferd, med vekt på mobbing og disiplinproblem.

Førsteamanuensis Pål Roland har brei erfaring innan arbeid med elevar i kategorien omfattande åtferdsvanskar. Arbeidsfelt er problemåtferd, klasseleiing, skuleutvikling og implementering.

Førsteamanuensis Elsa Westergård har arbeida ved senteret sidan 2000. Arbeidsområdet hennar i Respekt er heim-skule samarbeid og implementering av skuleutviklingsprogram.

Førsteamanuensis Hildegunn Fandrem arbeider med  minoritetsspråklege generelt og depresjon, mobbing og identitet hos innvandrarungdom spesielt.

Professor Sigrun K. Ertesvåg har lang erfaring med utvikling og implementering av tiltak for førebygging av problemåtferd og styrking av læringsmiljøet. I Respekt har ho ansvar for forskinga i programmet.

Unniversitetslektor Svein Størksen har teke del i utviklinga og gjennomføringa av fl eire skuleutviklingsprogram. Arbeidsområda hans er mellom anna mobbing, andre åtferdsvanskar, klasseleiing og implementering av skulebaserte program.

UiS logo