MENY

– Vi møter presis og førebudd

På Tranevågen ungdomsskule har dei arbeidd med felles haldningar og struktur gjennom Respektprogrammet. Rektor Johnny Eide legg også stor vekt på at det er viktig å skape fleire meistringsarenaer i skulen.

Teksten er hentet fra Skolelederen nummer 8, 2013. Her kan du lese saken som pfd.

Tranevågen Ungdomsskule, i Fjell kommune utanfor Bergen, opna hausten 2010. For tida har skulen 465 elevar og eit personale på 77. Skulen er omkransa av flotte idrettsanlegg, to fotballbanar, sandvolleyballbane og idrettshall. Skulen er transparent og mykje av undervisninga går føre seg i opne undervisningslokale.

Kvart trinn har eigen base med fleksible romløysingar – med auditorium og mindre rom. Det er flotte og velutstyrte spesialrom i første etasje. I det opne området midt inne i skulebygget er det også mogleg med fleksibel bruk. Det er til vanleg kantine, men kan også vere sal og scene. Elevdekorasjonar i ymse format pryder veggane. I taket heng tranene som skulen har fått namnet sitt etter.

Ny skule – felles profil

To kombinerte skular i kommunen blei lagde ned då Tranevågen blei oppretta. Lærarane frå dei to skulane kunne søkje stillingar på Tranevågen. Før dei tilsette nye lærarar hadde dei utarbeidd ein medarbeidarprofil med mellom anna skulen sin visjon og verdiar.

– Det er viktig å skape ein skulekultur i og med at vi hovudsakleg tilsette lærarar frå to andre skular, seier rektor Eide.

Etter 60 intervju hadde dei eit personale på plass. Alle dei tre i leiinga medgir at det har vore særs hardt arbeid å etablere og få på plass rutinar på ein ny skule. Etter tre år begynner ting å falle på plass – og dei har hatt ein rolegare skulestart enn tidlegare.Trivselen er god!

Respekt

Vi treffer tre frå leiarteamet på skulen. Rektor heiter Johnny Eide, og dei to avdelingsleiarane er Bente Kleppe Lervik og Brynhild Enerhaug.

Vi vil høyre om arbeidet dei har gjort med skuleutviklingsprogrammet Respekt. Eide fortel at det var klart at dei skulle arbeide med Respekt da dei starta skulen. To lærarar fekk spesialopplæring og fungerer som Respektpådrivarar.

– Dette var ein fin måte å jobbe fram strukturar og felles haldningar i personalgruppa, fortel Lervik og Enerhaug.

Dei har drøfta seg fram til fem hovudreglar som heng synleg i alle klasserom: 1) Vi snakkar fint til og om kvarandre og behandlar alle med respekt, 2) Vi møter presis og førebudd til undervisning, 3) Vi følgjer vaksne si rettleiing, 4) Vi held orden og tek vare på tinga rundt oss og 5) Vi respekterer at alle treng arbeidsro. Dei har også utvikla ei liste med 27 felles respektpunkt som mellom anna handlar om alt frå handhelsing på elevane kvar morgon og korleis ein startar opp undervisningsøkta til inspeksjonar og bruk av rullebrett, til god hjelp for å få felles normer – og hjelp for nye tilsette ved skulen.

Dei handlar om forventningar både til lærarar og elevar. Respekt er eit program som er utvikla ved Senter for atferdsforskning, i dag Læringsmiljøsenteret. Respekt skal hjelpe skular til å utvikle og realisere sitt potensial for eit godt lærings- og sosialt miljø. Programmet har hovudfokus på klasseleiing gjennom struktur og relasjon for å hindre mobbing, og auke konsentrasjon og disiplin. Alle vaksne skal vise at dei er tydelege omsorgspersonar.

Alle i skulesamfunnet skal vise respekt for kvarandre. Implisitt i programmet ligg det at dei satsar på å utvikle kompetansen på klasseleiing. Dei nyttar også kollegarettleiing som eit tiltak. I dei nemnde respektreglane har ein også blitt samde om kva for element ei undervisningsøkt skal innehalde. Dei bruker også av sos.ped.- ressursane til å ha to kontaktlærarar på kvar klasse. Kommunen har satsa på dette programmet for heile ungdomstrinnet, og på fellesmøta for ungdomsskulane er Respekt ein fast post.

UNG-prosjekt

Kva seier du til at ein skule leiger Grieghallen, satsar på eigne krefter til underhaldning – og fyller hallen til randen med tilskodarar? Det gjer Tranevågen. Her kjem vi til noko av krydderet i skulekvardagen. To veker før jul har dei eit tema, til eksempel 80-talet, frå Grieg til i dag osb. Så arbeider dei fram ei førestelling med song, dans, film og musikk. I denne perioden arbeider dei i aldersblanda grupper. Ikkje alle står på scena, men dei filmar elevane som driv med idrett, klatring, matlaging, skyting, formingsaktivitetar og friluftsliv, og dette vert vist mellom innslaga på scenen.

Dei har eit kreativt personale, og alle lærarar er gode hjelparar i denne perioden.

– Tenk kva dette gjer med relasjonane. Elevane får arbeide saman på ein annan måte, og dei blir kjende med andre sider ved lærarane sine, seier dei to avdelingsleiarane.

Rektor Eide fortel om elevar som får nye meistringsarenaer, mellom anna ein gut som var svært tilbakehalden i skulen.

– Han stod aleine på scena i ein fullsett Grieghall og spela elektrisk gitar!

Skulen har også ein avdeling for elevar med spesielle behov. Dei er også med i førestillinga. I UNG-perioden, som dei kallar desse fjorten dagane, er det også ein del undervisning. Det kan vere eksterne krefter som snakkar om nettmobbing og andre utfordringar som ungdom møter.

– I desse vekene ser eg berre ivrige og glade elevar og lærarar! seier Eide.

Andre satsingsområde

Dei er fire i administrasjonen på skulen. I tillegg til rektor har dei ein avdelingsleiar som følgjer opp kvart sitt trinn. Dei sit på kvar sin base – tett på lærarar og elevar. Dei har jamlege møte med laga sine.

«Kostnaden» er at leiinga ikkje sit samla. Dei har to andre satsingsområde – systematisk observasjon av lesing (SOL) og Vurdering for Læring. Elles fortel dei gjerne om andre alternative læringsarenaer: Dei har avtale om elevarsom får tilbod på eigen båt og satsing på kystkultur, nokre elevar har eit eige pedagogisk tilbod på ein gard og dei har ein samarbeidsavtale med Norges Jeger- og Fiskerforbund. Dei er også med i eit stort Comenius-prosjekt med 11 land. Det heiter Spirit of Hope. Her møter dei nye språk og nye kulturar. Dei har vore vertar for 65 gjester frå andre land. Elevane på Tranevågen greidde denne rolla utmerka!