MENY

Skoleklar – eit forskingsprosjekt for betre skulestart

Ulike sosiale bakgrunnsfaktorar kan påverke små barns muligheiter for å lukkast på skulen. I Skoleklar undersøkjer forskarane kva barns sjølvregulering, merksemd og ulike typar sosiale ferdigheiter betyr for læringsutbyttet.

Den norske barnehagen legg opp til mykje fri leik, og overgangen til skulen kan vera brå for mange. Det er store skilnader i kor stor grad fem- og seksåringar klarer å sitje i ro og rette seg etter det læraren seier.

Internasjonal forsking viser at små barns merksemd, evne til sjølvregulering, og evne til å knytte positive relasjonar til lærarar og medelever påverkar barns læring tidleg i skuleløpet. På mange måtar er det "å lære å lære", samt konsentrasjon og korleis  ein oppfører seg rundt andre like viktig, eller kanskje enda viktigare, som kognitive eigenskapar og ferdigheitar.

I forskingsprosjektet Skoleklar! er forskarane særleg interessert i korleis desse faktorane verkar inn på små barn si læring og prestasjonar i tidlege skuleår. Prosjektet følgjer om lag 250 barn frå dei er fem år gamle til dei har byrja på skulen. Forskarane nyttar nettbrett for å samla inn data.

Målet er å sjå om det er evner hos barn som er viktige for å lukkast i skulen. Ved sidan av skulefaglege ting, kan dette kanskje dreie seg om evne til å kunne relatere seg til andre, det å visa merksemd og sjølvregulering. Dersom resultata viser tydeleg samanheng mellom faktorane og læringsutbytte, er dette område barnehagar kan arbeida med for å betre førebu barn for skulen.

Professor Ingunn Størksen er prosjektleiar for Skoleklar.

Samarbeid mellom UiO og UiS

Data frå Skoleklar har blitt brukt til svært mange masteroppgåver, sjå publikasjonsliste. No vil masterstudent Linda Minh Nguyen, som er student ved Psykologisk institutt (UiO), studere spelbruk (dataspel) i overgangen mellom barnehage og skule og mogleg innverknad på barns psykososiale tilpassing. Forebels tittel er Bruk at dataspill og barns sosiale og emosjonelle tilpasning i overgangen mellom barnehage og skole.

– Dette er eit fint tilskot til prosjektet, seier prosjektleiar Ingunn Størksen. Hovudmålet med Skoleklar er jo å studera kva som hemmar og fremmar barns læring, tilpassing og utvikling i overgangen mellom barnehage og skule, og slik sett passar dette prosjektet veldig bra med det overordna målet med prosjektet. 

 

UiS logo