MENY

Film 3: Mange uformelle samtalar

Den formaliserte elevsamtalen skjer ikkje i eit vakuum, men må sjåast i samanheng med den relasjonsbygging som skjer gjennom heile skuleåret. Her snakkar Pål Roland og Randi M. Sølvik om korleis læraren kan investere i korte samtalar i skulekvardagen. Når ein har bekrefta eleven, er det lettare å ta opp vanskelege tema.

Sjå videoen i stort format (opnar nytt vindauge)

Refleksjonsspørsmål

Den formaliserte elevsamtalen må sjåast i samanheng med den jamlege dialogen mellom lærar og elev gjennom eitt eller fleire skuleår. Fagsamtalen framhevar korleis ein byggjer sosial kapital i ulike samanhengar og korleis dette igjen verkar inn på dei meir formaliserte elevsamtalane.

Tenk på dine erfaringar frå skulekvardagen. 

  • Korleis opplever du at dine erfaringar og historiar med elevane dannar grunnlaget for den formaliserte elevsamtalen?
  • Gje eit døme på ein situasjon der du opplevde at dine tidlegare erfaringar med eleven gav eit godt grunnlag for den formaliserte elevsamtalen, og eit døme der dine tidlegare erfaringar med eleven ikkje gav eit godt grunnlag for å gjennomføre den formaliserte elevsamtalen.
  • Korleis brukar du kvardagssituasjonar og overgangssituasjonar til å sjå og verdsette utfordrande elevar?

Forslag til litteratur

Börjesson, M. (2013). Motivasjon, mestring og medfølelse. Om å samtale med tenåringer. Oslo: Gyldendal Akademisk.

Lassen, L. og Breilid, N. (2010). Den gode elevsamtalen. Oslo: Gyldendal Akademisk

Sølvik, R. (2013). Friluftsliv som sosialt læringslandskap for ungdom i risiko. Eit fenomenologisk-inspirert kasusstudium. (Doktoravhandling, Institutt for Spesialpedagogikk, Det utdanningsvitenskapelige fakultet, Universitetet i Oslo). Oslo: Universitetet i Oslo.

 

Les meir