MENY

Dømt til å mislykkast i mobbearbeidet?

Ny forsking frå Læringsmiljøsenteret viser store skilnadar i førekomsten av mobbing mellom norske skular.

Tre jenter peikar og ler mot ei anna jente som ser trist ut.

Samstundes tyder studien på at skular med mest mobbing ikkje har føresetnadar for å lykkast i arbeidet mot mobbing og gi hjelpa elevane treng. Resultata kan forklare kvifor arbeidet mot mobbing ikkje har lykkast.

Store skilnadar i førekomsten av alvorleg mobbing
Elevundersøkinga for 2013 tyda på at 4,2 prosent av elevane vart mobba 2-3 ganger i månaden eller oftare.

Ein ny studie frå Læringsmiljøsenteret viser store variasjonar mellom skular i førekomst av mobbing. Resultata viser ein variasjon mellom 3 prosent og 20 prosent av elevar som vert mobba kvar veke eller oftare på skular med minst og mest mobbing.

For skular med 200 elevar inneber det ein variasjon frå 6 elevar ved skular med minst mobbing og til 40 elevar som vert utset for mobbing kvar veke eller oftare ved skular med mest mobbing.


Ser ein på førekomsten av mobbing 2-3 gangar i månaden slik Elevundersøkinga rapporterte, viser studien frå Læringsmiljøsentert at opp mot 40 prosent av elevane vert mobba ved skulane med mest mobbing.

Urovekkande resultat
Den høge førekomsten av mobbing ved nokre skular er i seg sjølv urovekkande. Uroa vert ytterlegare forsterka av funn i studien som tyder på at skulane med mest mobbing ikkje har føresetnadar for å lykkast i arbeidet med mobbing.

Samanliknar ein skular der elevane opplever mest mobbing, med skular med minst mobbing er tendensen eintydig: Lærarane ved skular med mykje mobbing rapporterar svakare leiing, mindre samarbeid og svakare relasjonar mellom kollegaer enn lærarar ved skular med lite mobbing.

Lærarane ved skular med mykje mobbing rapporterer òg at dei har mindre autoritet i klasseromet. Alt dette er forhold som forsking dokumenterer er avgjerande for å lykkast i å utvikle skulen, også arbeidet mot mobbin.


Skular med mykje mobbing vil såleis ha små føresetnadar for å lykkast med å redusere mobbing. Dei vil ikkje klare å utvikle eit effektivt arbeid mot mobbing. Dei mest effektive tiltaka mot mobbing omfattar heile skulen og krev såleis ein godt utvikla organisasjon med sterk leiing og godt samarbeid mellom lærarane for å lykkast i endringa. Dette manglar skulane med høgast førekomst av mobbing.

Resultata frå denne studien gir grunn til uro ettersom dei indikerer at dei skulane som har strørst behov for betydeleg innsats mot mobbing har minst føresetnadar for å lykkast i arbeidet. 

Ikkje tiltaka mot mobbing som er feil, men evna til å gjennomføre dei
Sjølv dei mest effektive tiltaka virkar ikkje om dei ikkje vert gjennomført. I verste fall kan halvhjerta innsats føre til meir mobbing, ikkje mindre.

Årsaka til at vi ikkje klarer å redusere førekomsten er såleis ikkje først og fremst mangel på effektive tiltak. Resultata i denne studien tyder på at utfordringa er at mange skular manglar føresetnadar gjennomføre tiltaka på ein måte som får slutt på mobbinga.


Referanse
Ertesvåg, S.K. & Roland, E (2014) Professional cultures and rates of bullying. School Improvement and School Effectiveness.

 

UiS logo